Johannes Knudsen var kveker. No høyrest det relativt spesielt ut i dag, og det var det nok den gongen óg, men ikkje meir enn at kvekerane kunne fylla heile Domkyrkja, fortel historikar Hans Eirik Aarek , som arbeider med ein doktorgrad på kvekerane. Ein gong i tida samla kvekerane store folkemengder på sine folkeopplysningsmøte.
Ettersom kvekerane vart stilt utanfor samfunnet hadde dei óg sine eigne gravplassar. I Stavanger finn ein framleis gravplassen mellom Taugata og Øvre Haukeligate, ein av få i Europa. Her har kvekerane gravlagd sine trusfellar sidan 1854. Også i Muségata er det ein kvekergravplass. Denne var i bruk til 1854, då den altså vart avløyst av gravplassen på Storhaug, der me finn Johannes Knudsen si grav.
Johannes Knudsen var gift to gonger. Den første kona hans kom frå Egersund. Ho heitte Gunhild Marie Olsen Aase, fødd 24. juni 1835 i Egersund. Foreldra hennar var Martha Nilsdtr. Melhus (fødd omkring 1811) og Ole Jørgensen Aase (fødd omkring 1807). Gunhild Marie døydde 7. juni 1898, 63 år gammal. Johannes gifte seg då opp att, med Berta Tobia Bjørnsen Nordbø frå Rennesøy. Ho var då i femtiårsalderen og levde fram til 1925.
Gunhild Marie Olsdatter, gift Knudsen, som ei vaksen og myndig dame. Utdrag frå eit portrett i heilfigur som i dag heng i stova mi på "Breidablikk", på Tysnes, signert S. Næsheim.
Men det var Gunhild Marie som var mor til borna i familien. Dei fekk sju born: Gurine (1863-1915), Martine (1865-1934), Knud (1867-1957), Johannes (1869-1957), Josefine (1871-1951), Karen (1873 - dødsåret kjenner eg ikkje), Sikke (1876-1954). Fleire i denne søskenflokken skulle klara seg særs bra i livet, ikkje minst dei to brørne Knud og Johannes, som gjorde det stort som forretningsfolk. Og Josefine, som fekk plass i bystyret - og det i ei tid då kvinner enno ikkje hadde røysterett.
Johannes Knudsen sjølv vart fødd 8. oktober 1837 i Stavanger, og døydde 17. oktober 1919. Foreldra kjenner eg så langt berre namna på - faren heitte Knud Tormodsen Wiiga og var fødd om lag 1811, etter dei opplysningane eg har (Ancestral File) - det same gjeld mora, som heitte Gudraad (Guri) Johannesdtr. Skjeivig, fødd omkring 1815. Kvar dei kom frå har eg heller ikkje så langt brakt på det reine, men då Johannes vert døypt i oktober 1837 er det i Stavanger domkyrkje, så det er rimeleg å tru at foreldra i det minste var busett i byen på det tidspunktet - det er godt mogleg at dei var stavangerfolk også. Faren Knud står oppført som "bødker". Dermed går yrket i arv frå far til son.
Johannes og Gunhild Marie i 1870. Gurine, Lava (Olava), Knud og Johannes Fotograf: Olaf Herseth, Kongsgaden Stavanger.
Etter folketellinga 1910 leiger leiger Johannes Knudsen 1. og 2. etasje i Nykirkebakken 8, der han bur med sin andre hustru Tobia. Husleiga er 400 kr året. I huset bur også sonen Knud, som står oppført som "handelsmand Malervare & utstyrsforretn." Dattera Olava, fødd 1865, Olava Knudsen, bur også i huset, ført opp under "husgjerning". Ho var det ein kalla åndssvak, og budde heime all sin dag. Etter at foreldra døydde, budde ho saman med broren Knud. Det verkar som dei alle var snille med ho, og ho ser ut til å ha vore relativt fungerande - kanskje mongoloid?
Johannes Knudsen dreiv si verksemd som bøkker , og i alle høve sonen Johannes gjekk i lære hos han. Bøkkeryrket var svært utbreidd, men mot slutten av 1800-talet ebba marknaden ut. Folk hadde ikkje så mykje bruk for tønner meir. I alle høve ser det ut for at Johannes var ein økonomisk velståande mann - i det minste på sine eldre dagar. Det vart måla to digre portrett av han og Gunhild Marie. Om dei vart måla i levande live eller seinare, etter fotografi, skal vera usagt. Kanskje det var den styrtrike sonen Johannes som betalte for dei? I 1910 heiter det at Johannes Knudsen "lever av sin formue". Det treng ikkje tyda at han var direkte velhavande, men han hadde i det minste tilstrekkeleg med oppsparte pengemidlar som han og kona kunne leva av.
Tobia og Johannes på sine gamle dagar, i Nykirkebakken 8. Henta frå boka "Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel".
Inntrykket ein sit att med er av ein mann og ein familie som verkar ressurssterk og som gjerne går sine eigne vegar. Sønene gjorde det som sagt godt som forretningsmenn, og dottera Josefine engasjerte seg i politikken. At det også finst fotorafi av Johannes og begge hans koner fortel om eit visst økonomisk overskot. Og sjølv om kvekersamfunnet var monaleg større på 1800-talet enn det er i dag, vitnar det likevel om mot til å bryta ut og følgja si eiga overtyding. Hugs at dei første norske utvandrararne til USA var kvekarar som forlot landet i von om å finna ei betre framtid utan kyrkjeleg forfølging - det var den flokken som la ut frå Stavanger med skipet "Restauration" i 1825. Etter Johannes Knudsen har eg eit brev frå ein viss Josiah Foster frå slutten av 1800-talet. Foster var ein velkjend kvekerleiar, busett i England, og i brevet ber han venene om å halda ut, sjølv om dei vert forfølgde.
Kjelder
På nettet: