Forfattarar: Mina, Synnøve og Laura
Slik læreboka sei, er artar ‘Individ som har vesentlege kjenneteikn felles, og som kan pare seg og få forplantningsdyktig avkom.’ Dette er den vanlegaste definisjonen av 26 ulike forklaringar. At avkommet er fertilt er det som viser om foreldra er av same art, til dømes kan ein hest og eit esel få avkom, men det vil då vere sterilt og vil derfor ikkje kunne formere seg.
Muldyr, kryssning mellom hest og esel. (Bilete frå google)
Det er fleire faktorar som avgjer om to individ er av same art. Utsjånad og storleik speler ei stor rolle her. Ein ser jo tydeleg at ein katt og ein potteplante ikkje er i slekt. Ein art vert ofte sett på som ei gruppe individ som liknar kvarandre og har dei same eigenskapane, og som vil vere forskjellig frå andre grupper.
‘Evolusjon er ikkje anna enn arv med modifikasjon. Alt som varierer, vil også kunne utvikle seg – då nokre variantar er betre egna enn andre.’ Er forskning.no sin definisjon om korleis evolusjonen oppstår innan i ein art. Umerkbare endringar for nye avkom vil over fleire generasjonar tilsaman gi arten nye eigenskapar. Evolusjonen har ein prosess, naturen sitt utvalg, som over tid tilpasser artar til å kunne overleve det meste.
To individ kan vere ulike og framleis vere av same art, det er fordi innanfor ein art er individ ofte delt inn i rasar. Rasar er som regel eit resultat av krysningar og tilpassing over tid, men dei kan og vere avla fram av menneske, slik som dei fleste hunde- og katterasane.
Sjølv om desse er av same art har mange hunderasar over tid vorte framavla til å ha heilt andre eigenskapar enn "originalen" (Bilete frå google)