Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.
Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane.
Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane skal involverast i denne vurderinga. Skoleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene
"Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet."
Kompetanse kan defineres som summen av en persons kunnskaper og ferdigheter, og kan tilegnes både teoretisk og praktisk. Man får kompetanse gjennom for eksempel lærerutdanningen, her blir man formelt kvalifisert til å jobbe som lærer, men i alle profesjoner er det behov for stadig kompetanseutvikling. Kompetanseutvikling vil si å videreutvikle kunnskaper og ferdigheter etter de behov som samfunnet rundt krever. Det innføres nye systemer f.eks innen IT, forskning gir signaler om behov for endring, eller lovendringer fører til at skolene og de ansatte må tenke nytt og annerledes. Det å tilføre kunnskap og ferdigheter med den hensikt å justere eller endre praksis i klasserommet, er et langsiktig og krevende arbeid som fordrer god ledelse og systematikk over lang tid.