Utstillinga
«Skodalsåa og matproduksjon før i tida»
I den restaurerte tørrstugu på Skurdalshaugen har Skodalsåas venner laga til ei utstilling med tittelen «Skodalsåa og matproduksjon før i tida». Her blir det fortalt litt om den rolla åa har spela for matproduksjonen i grenda vår, da i hovudsak korndyrking. Det blir fortalt om dyrking av jorda og prosessen frå såing av korn og fram til mjøl.
Utstillinga byggjer i hovudsak på gjenstandar og kunnskap som har kome til gjennom restaureringsarbeidet av smiu, tørrstugu og liu her på Skurdalshaugen og etableringa av kulturstigen frå Svintjønna til Laugen. Dei fleste gjenstandane i utstillinga kjem frå Skurdalshaugen, men ein del ting kjem frå lokalasamfunnet elles.
I liu, som ligg rett ved sida av tørrstugu, har vi etablert ei anna utstilling som vi har gitt tittelen «Frå åker til bord». Her fortel vi om bruken av mjølet til ulike matrettar.
Einar Hovdhaugen si bok «Frå det gamle arbeidslivet», har vore til god hjelp når det gjeld å sikre at kunnskapen vår på dette området er riktig.
Utstillinga «Skodalsåa og matproduksjon før i tida» består av infotavler og reiskap som fortel om korleis korndyrkinga gikk føre seg i tidlegare tider.
Utstillinga har følgjande tema:
- Inndeling av maten i «gro’n og sugel»
- Frå villmark til åker
- Korndyrking
- Vatning
- Innhausting
- Trysking
- Få korn til mjøl
- Ølbrygging
Gro'n og su'gel
Frå gamalt av vart føda vår her på Fron delt inn i to hovudgrupper. Det var gro'n og det var su'gel. Gro'n var mat av kornprodukt og andre plantevekster, medan su'gel var kjøttmat, smør ost o.l. Eg vil au tru at fisk høyrde heime her.
Sjøl om det finst fisk i Skodalsåa, har vel neppe fisk frå åa spela nokor stor rolle i livberginga for folk i grenda. Riktignok veit ein at det har vore sleoanlegg i bruk i elva. Dette er ei innrretning med eit gitter som tillet vatnet å strøyme fritt, medan fisken blir samla opp i ein eigen dam.
For dei første menneskja som kom til området vårt var det nok kjøttet som var viktigaste føda. Dei første Frøningane var i hovudsak nomader og veidarar som følgde dyreflokkane som trekte nordover etterkvart som isen frå siste istid trekte seg attende. I tillegg til veidinga sanka dei nok au røtter/rotknollar, nøtter, frukt og bær.
Frå villmark til åkerjord
Etterkvart vart folk bufaste og tok til å dyrke jorda og livnære seg av plantekost i tillegg til kjøttet som fangst og husdyrhald gav. Under dei arkeologiske utgravingane i samband med E-6 gjennom Fron i 20015, har ein funne spor etter åkerbruk omlag 2000 år attende i tid.
Vatn som strøymer ned frå fjellet lagar og fraktar med seg finmasser, og har gjennom tidene lagt att desse finmassene der elva renn rolegare. Til ein viss grad gjeld nok dette au for Skodalsåa. Åa hadde i tidlegare tider eit anna far enn den har i dag. Den rann over jordet til Nigard Skurdal, forbi Steindalen, Brudalen og ned i Laugen der.
Finmassene som vatnet legg att gir grobotn for ulike slags planter og vekster. Ein må rekne med at det au i Fron var svirydding som var den første måten ein brukte for å skape åkerjord. Gjennom å brenne skog og planter fekk ein eit oskelag som kornet vart sådd i. Etterkvart vart jorda betre dyrka.
Reiskap til dyrking
Dyrkingsarbeidet vart gjort med håndmakt og åkergrevet var den viktigaste reiskapen til dette formålet heilt opp mot nyare tid. Mesteparten av åkerjorda i Skodalsgrenda er nok dyrka med åkergrevet. Når jorda først var dyrka gjennom fjerning av stein og røtter, vart deretter ard og seinare plog brukt til å bearbeide jorda. Mens arden berre laga ei fure i jorda, fekk plogen ei vendeplate som gjorde at det øvste laget av jorda vart snudd. For vidare å få jorda til å smuldre vart det brukt slådd og horv. Til desse reiskapane og likeeins til arden og plogen vart det brukt hest, noko som var til stor lette og hjelp, og ikkje minst gjorde hesten åkerarbeidet meir effektivt.
Korndyrking
Det verkar til å vere bygg som gjennom tidene har vore den mest brukte kornsorten i distriktet vårt, men au rug og havre har vore dyrka. I tillegg kjem erter. Så godt som all dyrka jord vart i tidligare tider nytta til korndyrking. Husdyrhaldet gav gjødsel, men ofte ikkje meir enn at jorda måtte ligge brakk år om anna.
Såing
Kornet vart i lang tid sådd for hand. Til det bruket hadde ein ein sålaup. Dette var eit trekar vanlegvis laga i sveipteknikk, eit tynt og breitt trestykke som var bøygd rundt ein botn av tjukkare tre og skjøtt saman med ein saum av teger. Dette trekaret heldt såmannen inntil bringa med eine handa, medan han med andre handa kasta kornet utover jorda. Såinga var eit arbeid der det var svært viktig å få spreidd kornet jamnt utover og i passe mengde. Resultatet av dette arbeidet skulle bli livberginga til familien i året som kom. Vi kjenner til at denne gjerninga var så høgtidssam at såmannen helst skulle ta av seg hovudplagget og gå med blotta hovud under såinga.
Såmaskin
Rundt år 1800 vart det i Lom, nord i Gudbrandsdalen, funne opp ei såmaskin. Dette var ein hestereidskap, laga av tre som sådde kornet i rader eit stykke ned i jorda. Det at ein fekk kornet passe djupt ned i jorda, gjorde at spiringa vart bedre og mengda såkorn kunne omlag halverast samanlikna med handsåing. Utover 1900-talet vart det utvikla nyare og meir moderne såmaskiner, men prinsippet er det same i dag som det den Lomske såmaskina bygde på.
Vatning
Det var ikkje berre åkerjord og gjødsel som skulle til for å få gode kornavlingar. I det tørre klimaet her i dalen, var det au nødvendig med vatning. I Skodalsgrenda var såleis Skodalsåa svært viktig. Vi kan au i dag finne spor etter vatningsgrøfter som kunne leie vatnet ut til dei ulike gardsbruka. Der ein ikkje kom fram med grøft vart det sett opp tre-renner som vatnet kunne førast fram gjennom. Framme ved åkeren vart vatnet først veitra utover for til slutt å bli spreidd med ein reiskap som vart kalla skjeltrekeo. På denne måten kunne ein få til vatning og god vekst over heile åkeren. Au i dag blir vatnet i Skodalsåa brukt til vatning. Nå kjem vatnet gjennom plastrøyr frå høgt oppe i dalsida. Vasstrykket gjer at moderne spreiarar enkelt spruter ut og fordeler vatnet over store områder.
Innhausting
Når åkeren vart moden utpå hausten var det tid for skurdonn. I tidlegare tider foregikk det på den måten at åkeren vart skore med skyru. Dette er ein bogeforma kniv kan ein seie. Med venstre handa vart stråa samla av den som skar, medan høgre handa førte skyru og skar over stråa. Stråa vart samla til ei passe mengde før ein tok ein liten bunt av strå og batt rundt fanget av strå, slik at ein fekk eit kornband som lett kunne fraktast og behandlast vidare.
Å skjære åker var svært arbeidskrevjande og eit tungt arbeid. Vi ser av gamle husmannskontrakter at dette var eit av dei største arbeidspliktene husmennene var pålagt for å få lov å bruke eit jordstykke eigd av ein større gard.
Sjølbindarar og slåmaskiner
Utover 1900-talet kom det maskiner som tok over ein god del av det tunge handarbeidet innafor jordbruket. Så au når det gjaldt korndyrking. Sjølbindaren var ei form for slåmaskin som samla opp skurden, batt eit tynt tau rundt kornbanda før dei vart lagt att på åkeren. Dei som ikkje hadde råd til sjølbindar kunne au lette arbeidet ein god del med å bruke den vanlege slåmaskina. Det satt da to karar på slåmaskina. Den eine styrde hest(ane) som drog slåmaskina medan den andre satt med ei stor rive og la slåtten ned på ei grind som var montert bak slåmaskinkniven. Når det var samla ei passe mengd med skurd på grinda kunne denne karen raskt senke grinda og legge att dungen som ein seinare kunne sette hyssing rundt, eller som tidlegare lage eit band av strå, eller ein kunne berre ta heile fanget å legge opp i ei hess til tørk. Det var viktig å få kornet så tørt som råd før ein tok det i hus. I tillegg til hess kunne og kornbanda settast på rå, ein staur som vart sett loddrett ned i bakken.
Trysking
Den gamle måten å skilje kornet frå strå og agner var og slå det laus med ein reidskap som vart kalla tust. Dette var to tynne stokkar hekta saman med ei lærreim. Ein la som oftest kornbanda i sirkel utover golvet på tryskarlåven. Den som skulle bruke tusta sto inne i sirkelen og held i den lange delen av tusta og let den kortaste stokken svinge rundt og lande på kornaksa. Kornet vart da slått laust og kunne samlast saman når halmen vart fjerna. Kornet vart både solla gjennom eit sold og kasta med ein skolv. På denne måten fekk ein fjerna agner og strå. Når ein kasta kornet, så for det beste og tyngste kornet lengst, medan det lette kornet med dårlegare kvalitet datt ned nærare den som kasta, Rest av agner og rusk og rask datt ned enda nærare. Dette var ein enkel, men effektiv sorteringsmåte.
Her på Skodalshaugen ordna dei seg au med ei slags vifte som blåste kornet reint. Vifta var drive av elvekrafta gjennom eit vasshjul.
På 1800-talet kom det tryskarmaskiner. Dei første var små og drivne med håndmakt, eller ved hjelp av ei hestevandring. Seinare kom det størrre verk som var drivne av dampmaskin og deretter elektriske motorar da straum vart vanleg. Desse tryskarverka vart ofte kjøpt inn i felleskap av fleire gardar og kjørt frå gard til gard utover hausten.
I dag vert innhausting og trysking gjort i ein og same operasjon ved at store sjølgåande skurtreskarar skjer åkeren, tryskar den i same slengen, og samlar kornet opp i tankar.
Tørrstugu
Før kornet kunne malast på bekkekverna måtte det vere skikkeleg tørt. Var det for mykje væte i kornet klinte det seg berre fast i kvernsteinane og det vart ikkje noko mjøl. Tørrstugu var eit hus som vart brukt til å tørke kornet. I tørrstugu på Skodalshaugen kan ein sjå spor etter store steinheller som har vore fellt inn eit stykke oppe på veggen. Når kornet skulle tørkast vart det lagt utover desse steinhellene, og så vart det fyrt kraftig, slik at det vart godt og varmt inne i tørrstugu. Steinhellene som kornet låg på vart også varme. Kornet vart raka i med jamne mellomrom, slik at alt kornet kom i direkte kontakt med dei varme steinhellene. Omnen det vart fyra i kunne ha svært ulik utforming. Alt frå forseggjorte omnar i kleber, til meir enkelt samanmura eldstader. Det er mykje som tyder på at omnen i tørrstugu her på Skodalshaugen var av det enkle slaget. Under restaureringa av huset fann ein svartbrent tømmer i søre hjørne ved sida av døra. Truleg er dette spor etter ein såkalla røykomn utan pipe. Røyken gikk da ut gjennom ein ljore i taket. Dei røykfyllte romma sette smak på kornet og mjølet, ein smak som mange sakna da det kom meir moderne måtar å tørke kornet på.
Frå korn til mjøl
Før kornet kan nyttast til mat må det vanlegvis malast til mjøl. Den enklaste og vel tidlegaste måten dette vart gjort på, var ved å knuse kornet mellom to steinar. Frå førsten av berre gjennom å legge kornet på ein litt stor innhol stein, og så rulle ein rundt stein over kornet til det vart knust og samla opp i den innhole steinen. Det å knuse kornet mellom to steinar er au prinsippet både for handkvernene og bekkvernene. Dei siste vart etterkvart svært vanlege. Langs Skodalsåa var det i si tid ikkje mindre enn 20 slike kverner. Kor langt attende i tid bekkekvernene går, er ein ikkje sikkert på, men ein veit at dei i alle fall var i bruk i mellomalderen.
Bekkekverna besto av ein kvernkall drive av elvevatnet. To runde og flate kvernsteinar låg over kvarandre, der den eine steinen vart drive rundt av kvernkallen. Kornet vart ført ned mellom steinane i eit hol i sentrum av øvre steinen, og kom ut att som mjøl. Kor grovt eller fint mjøl ein ville ha, kunne ein regulere med å justere avstanden mellom dei to kvernsteinane. Utover på 1900-talet kom større og meir moderne kverner, og bekkekvernene gikk ut av bruk.
Bekkekverna her på Skodalshaugen sto rett bak smia. Huset vart flytta til Fron historielag sitt bygdatun på Vinstra, og er sett i stand med kvernkall, kvernsteinar og alt utstyr som skal til for å male korn.
Ølbrygging
I hundrevis av år har heimebrygga øl spela ei viktig rolle. Ved religiøse høgtider og store milepelar i livet var ølet med og kasta glans over festen. Øl vart laga av spirande korn og hadde sjølve jordkreftene i seg, krefter som gav grøde og vekster. Det var gudane si kraft. Etter det vi kjenner til, er det lenge sidan ølbrygging på gamlemåten var tradisjon her i bygda.
Øl er ein gjæra drikk som inneheld alkohol. Før gjæren kan få fram alkoholen, må stivelsen i kornet gjerast om til sukker. Dette skjer når kornet spirar. Da blir det danna eit enzym, diastase. Når det spira kornet, maltet, blir varma opp, er det dette enzymet som gjer stivelsen om til sukker.
Det var først og fremst byggkornet som vart brukt til ølbrygging. Først vart kornet lagt i ein sekk og bløytt i bekken eit par tre dagar. Deretter måtte kornet få det såpass varmt at spiringa kunne starte. Etter 10-12 dagar med spiring skulle maltet tørkast og deretter grovmalast. Ofte var tørrstugu brukt til tørkinga.
Det var helg og høgtid over sjølve brygginga. Varmt vatn, oftast einerlog, vart slått over maltet og ein fekk vørter. Til denne vart det tilsett blome av humelplanten, noko som gjorde at ølet skulle tole lagring. Vørteret vart kokt og deretter kjølt ned til passe temperatur før ein tilsette gjær. Det var først når vørteret hadde gjæra ferdig at ein hadde fått øl.
Heimebrygging av øl har dei siste åra vorte populært att, og er nå mykje enklare, da ein får kjøpt ferdig malt og elles det ein treng av humle, gjær og ande ingrediensar.
Kristen Brendhaugen november 2020