Add Headings and they will appear in your table of contents.
Svintjønndammen
Damanlegget på Svintjønna fortel oss at rikeleg med vatn til landbruket har vore viktig til alle tider. For å sikre og kontrollere vasstilførsla og ikkje minst auke vassmengda, vart det bygd dammar. Vatnet frå Svintjønna har vore nytta til kverner og sagbruk, men særleg til vatning av åkrane i Skodalsgrenda, som har vore og er den viktigaste grunnen til oppdemminga. Midt på sommaren er det behov for ekstra vasstilførsel. Dammen på Svintjønna er eigd, bygd og vedlikehalde av gardane i Skodalsgrenda. Knapt 1 km. lenger nede i vassdraget ligg ein ny dam. Slik kunne ein auke vassmengda for bruk nede i bygda.
Vedlikehald
For at dammen skal fungere, må det til vedlikehald. I ein kontrakt frå 11. august 1911 signert Hans O. Skurdal, Peder Skurdal, Johannes Suleng, Jacob og Ole Haugen går dette fram. I 1914 kom det nye eigarar i Nordre og Søndre Skurdal, og kontrakten vart utvida. Dokumentet fortel at dei gjekk i hop om å reparere Svintjønndammen og på same tid regulerte avtala vassbruken. I 1992 vart det utført omfattande vedlikehaldsarbeid med kolslagg, sement, plank og grus. Skodalsgardar organiserte seg i Svintjønn Damlag og stod for arbeidet.
Alder på dammen
Vi veit ikkje kort gamal Svintjønndammen er. Anton Skurdal (1882 - 1957) dreiv sagbruk i Skodalsåa frå 1914 - 25 og hugsa godt korleis dammen såg ut. Han var demd opp av jord og torv med ein solid steinmur og hadde ei regulerbar luke. På minutter kunne Anton rekne ut når vatnet nådde sagbruket på Saga. Som ein kan sjå, blir reguleringa gjort på same måten i dag.
Dammer etter Skodalså
Nedetter Skodalåa vart det bygd fleire dammar. Fleire av desse er borte etter flom. Dammane fungerte som vasskjelde for folk og dyr sommar og vinter. Dei var au inntaksdammar til kvernhus, sagbruk og vasshjul. Ein kjend dam var Maurhaugdammen, ein stor, høg og tømra dam frå midten av 1800-talet. Han låg der brua ved Saga ligg i dag. Denne dammen vart borte i flommen i 1860. Det er truleg fleire dammar som vi ikkje kjenner til, men vi veit det var dam ved Baukhol Vestre/Dals-Baukhol, Vaet, Holum, Maurhaugen, Skurdalshaugen, Kvernhaugen og Klokkarstranda.
Svintjønndammen er eit kulturminne og ein viktig vassressurs for Skodalsgardane i dag.
Steinmuren på Svintjønna 1911. Foto: Anton Skurdal