Gamle hovudferdeselsvegar forbi Harpefoss
Den 16.01.16 hadde eg ein liten prat med Geir Paulsrud der eg spurde litt om kor hovudferdselsårene gjekk i riktig gamle dagar når det gjaldt Harpefossområdet. Det finst minst 3 aktuelle ruter fortalde Geir:
Langs Lågen forbi Solbrå og vidare nordover til Sødorp
Opp frå Kjorstadgardane om Skar og Øyakleiva til Sødorp
Over Harpefossbrua og vidare nordover på baksida
Om dei 3 ulike alternativa kunne Geir fortelje at ein kan finne spor etter ferdselsveg langs Laugen nordover frå Solbrå som går attende til bortimot Middelalderen. Området frå Hestskobakken og nordover var nok både flom- og rasutsett, så det er ikkje sikkert dette er den eldste ruta. Traseen om Skar hadde Geir lenge trudd var mest aktuell, men har etterkvart vorte meir i tvil om dette var hovudferdselsåra. Både i Fåvang og på Hundorp veit ein at ferdselen gikk høgt oppe i dalsida for å unngå vankelege parti langs Lågen. Dette kunne godt vore tilfelle ved Harpefoss au.
Teorien om at ferdselsvegen gikk over på baksida ved Harpefoss såg Geir slett ikkje bort frå. Brua over gjelet her er svært gamal, og det er spor etter gamle ferdselårer vidare nordover. Geir fortalde at han fortsatt er på leit etter fleire spor i området. Geir Paulsrud ville ikkje bestemt bekrefte eller avkrefte nokon av dei 3 alternativa som den eldste ferdselsåra gjennom dalen når det gjeld Harpefossområdet. Alle tre traseane er gamle ferdselsårer, men kven av dei som er eldst og kven som opprinneleg var hovudferdselsåra turde han ikkje ha nokor bestemt meining om.
25.02.16, Kristen Brendhaugen