Frå Stulen til Laugen så roleg og stille
I seinsommarkveldar det er ikkje ille
Du sildrar og renn, ei å er ein venn
Du sildrar og renn, ei å er ein venn
Men sjå når det vårast, ja da må vi håpe
Du vaknar i varmen, men tøyler kvar dråpe
Som hastig nok renn, hugs du er ein venn
Som hastig nok renn, hugs du er ein venn
Å ja, du har grave deg veg gjennom hellet
og buldra og kasta deg ned ifrå fjellet
Du har hausta vrede, men mest av alt glede
Vi veit da i senn at du er ein venn
Vi veit da i senn at du er ein venn
Ja du rullar stor stein, du buldrar og durar
Tek treverk og småstein, ja brønnar og murar
Det er kolossalt, du reinskar opp alt
Det er kolossalt, du reinskar opp alt
Å ja, du har grave deg veg gjennom hellet
og buldra og kasta deg ned ifrå fjellet
Du har hausta vrede, men mest av alt glede
Vi veit da i senn at du er ein venn
Vi veit da i senn at du er ein venn
I verket vi, ja i alt har du vore
ei kjelde til liv, vi kan sjå alt det store
Ein skål skal du ha for vatnet er bra
Ein skål skal du ha for vatnet er bra
Å ja, du skal kaste deg ned ifrå fjellet
ja buldre og grave deg veg gjennom hellet
Du vil hauste vrede, men mest av alt glede
Vi veit da i senn at du er ein venn
Vi veit da i senn at du er ein venn
Tekst og melodi: Øystein Losnegard
Her kan du høre Skodalsåasangen på YouTube