Inne i tørrstugu var det ein røykomn. Ein slik omn har ikkje pipe. Røyken går ut i rommet og ut gjennom ein ljore i taket. Sjølve omnen var ofte grovt mura saman av stein. Det vart fyra eit døgn eller så for å få steinane i omnen gode og varme. Kornet vart så tatt inn til tørking. Det var alltid ein god del røyk inne i tørrstugu, og det var ofte litt røyksmak på det ferdige mjølet. Ein kan sjå at tømmerstokkane inne i tørrstugu på Skurdalshaugen er ganske brune av røyk og varme. Stokkane bak omnen er heilt kolsvarte av varmen.
Tørrstugu ved Skurdalshaugen er eit svært gamalt hus. Det ser ein mellom anna på laftinga. Laftehovuda har ei rektangulær form som gjekk ut omkring 1730. Som namnet fortel vart dette huset brukt til tørking. Det var først og fremst kornet som måtte tørkast før det kunne malast på bekkekverna, men også malten til ølbrygginga måtte ha ei tid i tørrstugu. Frå gamalt av vart òg tørrstugu brukt som badstugu.
Som ein ser på Skurdalshaugen ligg tørrstugu og smie eit stykke unna sjølve gardstunet. Dette var hus med open varme og utsett for brannar ein måtte spare sjølve gardstunet for.
Det var hyller/hjellar langs veggane som kornet vart lagt på i passe tjukke lag. Desse hyllene kunne vere av tre eller skifer. På Skurdalshaugen vart det brukt skiferheller.
Fyringa i røykomnen heldt fram eit par døgn, og kornet vart snudd med ei rake, slik at alt skulle få god tørke. Etter tørkinga vart kornet ofte "drøfta". Dette for å få bort agner og lause skal. Det skulle gjerne vere litt vind når ein gjorde dette. Ein tok ein del korn opp i eit traug og kasta kornet opp i lufta. Dermed bles støv og rusk bort, medan kornet datt ned i trauget att.
Tørrstugu frå Jutulheimen i Vågå med røykomn i kleber og hjellar av steinheller. Foto: Roar STrand
Etter at bekkekvernat gjekk ut av bruk utpå 1900-talet, vart det ikkje bruk for tørrstugu lenger. Ofte vart den da brukt til andre formål. På Skurdalshaugen vart tørrstugu seinar brukt til fjos for småkrøtter og gris.
Bygdevegen og vegen til fjells passerte tørrstuguveggen på Skurdalshaugen, og vi kan framleis sjå spor etter nellikspiker som vart brukt for å feste opp viktige kunngjeringar til grendefolk og andre forbipasserande.