Ingeniør Borud på Lillehammer konstuerte turbin og røyrgate. Frå dammen var det ei stor rennei tre som førte til ei trykksjakt. Derifrå var det ei røyrgate av jern, øvst om lag 1 meter i diameter og nede ved turbinen litt større. Skovlene var regulerbare med eit ratt på toppen av "tromma" (huset rundt sjølve turbinen). Skovlhjulet var omlag 50 cm. i diameter. Eit "sugerøyr" på om lag ein halv meter i diameter gjekk ned i elva. Sugerøyret gjorde at også fallet på sjølve turbinen og ned til utløpet i elva vart nytta til å vere med å dra turbinen.
I 1914 bygde Anton Skurdal (1882- 1957) sagbruk på Saga. For å trygge vassforsyninga reparerte han Svintjønndammen som tidlegare var bygd for å sikre kvernvatn og vatningsvatn. Ovanfor Saga laga han inntaksdam og ved vatnfallet rett ovanfor brua vart det turbindrive sagbruket bygd. Bygningen som i dag er kalla Saga, vart bygd i to etasjar fordi det var planar om eit høvleri i andre etasje.
Overføringa av krafta frå turbinen skjedde ved hjelp av ei lang reim av bisonlær. Reima var sydd saman av 2-3 meters lengder. Saga kunne stoppast ved at reima vart skuva over på ei laus reimskive på turbinen, eller ved at ei luke ved inntaket kunne leie vatnet ned i elva i staden for inn i turbinrøyret.
a
Sagbruket. Privat foto: Arve Skurdal
Sirkelsagene, som kom i bruk frå 1870-åra, skar mykje finare bord og plankar enn dei gamle oppgangssagene. Blada var òg tunnare, slik at mykje mindre av stokken gjekk bort til flis. Etter tida var saga som vart bygd her ei svært god sag. Den hadde dobbel spindel og to blad, Rekneskapen viser at folk heilt frå Ruste kom hit med tømmer som dei fekk saga. Sagbruket vart nedlagt i 1925, fordi det var for lite vatn til drift heile året. Huset vart bygd om til bustadhus, butikk og kafé. Ein sal i andre etasje vart òg nytta som forsamlingslokale. Den lange reima av amerikansk bisonlær vart brukt oppatt som skosolare under krigen. Saga Landhandleri var i drift til 1997.
Inntaksdammen og trerenna mot trykksjakta. Privat foto: Arve Skurdal
Sagbruket med røyrgata, turbinen og sugerøyret. Privat foto: Arve Skurdal
Røyrgata og turbinen på Saga. Privat foto: Arve Skurdal