Spor i terrenget og munnlege kjelder fortel om omfattande bruk av Skodalsåa til vatning. Eit nettverk av vassveiter og trerenner forsynte åkrane med livgivande vatn. Kartet under viser kva vi har funne av synlege spor, og kva munnlege og andre kjelder har fortalt om vatningsanlegga. Oversikta viser nok langt frå alt av ei omfattande verksemd. Vi veit au at det på Baukholstulen var vatningsgrøft fram til Kristenlykkja, setra til Nedre Monshaugen.
Vatnet vart leidd fram til åkrane gjennom vassveiter eller trerenner. Rennene var uthola trestokkar eller plankar sett saman til ei renne. Dei fleste inntaka frå elva var gjort ved hjelp av trerenner,og vatnet gjekk ofte vidare i vassveiter. Utover jorda vart vatnet spreidd gjennom mindre veiter, og så til slutt skvetta ut ed vassreko/skjeltreko. Frå nær fortid veit vi at Nordigard Skurdal vatna årleg, medan Skurdalshaugen berre vatnai tørrår.
For å sikre vassforsyninga, var Svintjønna demt opp slik at ein hadde eit reservoar å ta av periodar med lite nedbør. Etter som åkerarealet auka, vart vatnet i Skodalsåa ein knapp ressurs. Avtaler mellom gardane regulerte fordelinga av vatnet.
Kor langt attende i tid Skodalsåa har vore brukt til åkervatning er ukjent, men truleg like lenge som det har vore åkerbruk i grenda. Moderniseringa i landbruket som starta på 1920-talet, skaut fart etter andre verdenskrigen. Etter 1960 var det ingen som vatna på gamlemåten. Vasslangane vi ser langs elva, saman med moderne vasspreiarar, sørgjer i dag for lettvint og effektiv vatning av åkrane.
Arve Skurdal viser spor i terrenget etter vassvegane i Skodalsgrenda. Foto: Guri Skurdal Tofte
Vassreko frå Øvre Monshaugen. Dette var ein nyttig reiskap for å veitre ogkaste vatnet. Dagny Kristiansen (f. 1935) hugsar godt at far hennar brukte denne vassreko. Foto: Guri Skurdal Tofte
Vatningsgrøft som startar nedanfor Torgerhaugen. Vassveita kan lett følgjast fram til Krokgeilen ved Steinomslykkja. Dette var nok vassforsyninga til Renshus og bruka ovanfor. Truleg var det nok ei grøft i dette området.
Vassveit nordover frå Holumsbrua går mot Holumshågån og kan ha forsynt Maurhaugen og nordre del av Skurdalshaugen med vatn.
Vassveit som gjekk austover frå Holumsbrua gav vatn til åkrane på Holum og Nordre Uppigard Skurdal.
Ovanfor Saga gjekk det samanhengande renner mot Nordigard Skurdal. Rennene var laga av plankar og ein såg restar etter desse heilt fram til 1960-åra.
Også Skurdalshaugen tok ut vatn på om lag same staden som Nordigard Skurdal, men her gikk vassveia nordover. Denne veita forsynte au truleg Øvre Nigard Skurdal
Nedre Nigard Skurdal tok ut vatn frå Skodalsåa nedanfor tørrstugu på Skurdalshaugen. Veita gjekk gjennom tunet på Øvre Nigard Skurdal.