Vasshjulet på Ytste Skotet. Foto: Kristen Brendhaugen
Bekkekverna på Ytste Skotet
På fjellgarden Ytste Skotet ved Storfjorden har Storfjordens Venner restaurert ei bekkekvern. Inne i kverna finn vi ei fin teikning som på ein grei måte viser korleis ei slik kvern fungerer. På fotoet av sjølve kvernhuset ber vi deg legge merke til den spesielle laftemetoden og ikkje minst sjå på vassrenna inn til kvernkallen som er uthola av ein einaste stor furustokk.
Vasshjulet på Ytste Skotet
Storfjordens Venner har også restaurert eit vasshjul på Ytste Skotet - eit overfallshjul av omlag same type som det som stod ved Skurdalshaugen. Som det går fram av dei to bilda så har vasshjulet ei stor reimskive med overføring av krafta til gardstunet og låven eit godt stykke unna. Vasshjulet på Yste Skotet dreiv blant anna treskemaskin og vedkløyvar.
25.02.16, Kristen Brendhaugen
Det restaurerte kvernhuset på Ytste Skotet. Foto: Kristen Brendhaugen
Teikning i kvernhuset på Ytste Skotet