Bustad for klokkaren
Bruket Klokkarstranda følgde klokkarstillinga i Sør-Fron på 1700- og 1800-talet. I Årbok for Gudbrandsdalen (1984) har Anton Tagestad funne fram Peder Nielsen (1813 - 1904) sin Minneblader. Desse livsminna vart skrive ned i 1875 og fortel ein god del om Klokkarstranda. Far til Peder, Niels Johannessen (1774 - 1842) tok over Klokkarstranda i 1808 da han vart tilsett som lærer, klokkar og kyrkjesongar i Sør-Fron.
Sonen Peder Nielsen var ein av dei to fyrste frå Fron som fekk lærarutdanning frå seminaret, som det heitte den gongen. Frå 1840 tok han over som klokkar etter faren og som lærar i Nerbygda i Sør-Fron. Peder vart etter kvart ein svært sentral person i bygda. Han var med på å få i gang Sør-Fron Sparebank. Han var au forlikskommisær og overformyndar og frå 1858 - 1865 var han ordførar.
Strandsaga
I 1867 vart det bygd sagbruk ved Klokkarstranda med vatnet frå Skodalsåa. Saga låg om lag 50 m. opp for brua mot idrettsplassen i dag. Det var flest Rysslandsgardar som hadde eigarpartar i saga. Grunnen til at saga vart bygd på denne sida av dalen var truleg at gardane i Ryssland hadde store skogteigar i Skurdalslia, og ellers stutt og lett veg ned til Klokkarstranda. Saga var i drift fram til 1900.
Idrettsbane
I 1932 laga Harpefoss arbeidarungdomslag idrettsbane på Klokkarstranda, ein funksjon området også har i dag. Her har det vore arrangert idrettsaktivitetar, 1. maifeiringar og St. Hansfestar. Idrettsbanen vart utvida og opprusta i 1979/80. Flaumen i 2013 gjorde stor skade på banen.
Badehus
Grendefolket starta bygging av badehus i 1939. Tømrahuset, som framleis står der, vart reist på sørsida av Skodalsåa, rett etter at du har passert brua inn til idrettsbanen. Arbeidet stoppa opp i 1940 da krigen kom og vart ikkje tatt opp seinare. Huse vart såleis aldri gjort ferdig.
Badebasseng
På 1950-talet vart det bygd badebasseng aust for badehuset. Det var lærar Kåre Flåskjær (1906 - 1996) som var primus motor for dette tiltaket. Vassforsyninga kom sjølvsagt frå Skodalsåa. Sjølv om bassenget var bygd på fjell, var nok grunnen nokså ustabil, for bassenget fekk fort ganske store lekkasjar, og vatnet rann ut om lag like frt som det rann inn. Temperaturen vart deretter, da sola aldri rakk å verme opp vatnet.
Fiskeplass
Utløpet av Skodalsåa i Laugen har vore og er framleis ein mykje brukt fiskeplass. Sjølv om fiskeplassane ved "Hella" nok er gjævare, så er Klokkarstranda tryggare og trivelegare, spesielt for ungar.
Harpefoss ca. 1960. Klokkarstranda med den gamle idrettsplassen, badebassenget og badehuset, ser ein midt i bildet på andre sida av Laugen. Foto: Arne Hernæs
Peder Nielsen (Årbok for Gudbrandsdalen 1984)