Stampeberget

Tøy av ufarge ull var tidlegare det vanlege i Norge. Tøyet vart brukt til dei fleste plagga før strikkinga vart kjent. Etter vevinga måtte tøyet stampast for å få det tettare, mjukare og sterkare og vart etter stampeprosessen kalla vadmål. Vadmålet absorberer fukt, held godt på varmen og held folk turre også i regn og snøvèr. Klede av vadmål passar såleis svært godt til klimaet vårt.

Da vasshjulet vart kjent, sannsynslegvis på 1500-talet, vart det bygd stamper der tunge trestokkar banka og arbeidde med tøyet. Vasshjulet var drivkrafta for ein stokk med knastar. Knastanae tok tak i tappar på baksida av stampestokkane og løfta desse opp før dei så fall ned i stampetrauget med vadmål. Ei stampe kunne ha fleire traug der ein kunne legge ned tøy av ulik kvalitet og med ulik stampetid.

Stampinga kan gjerast på ulike vis. I dei eldste tidene vart ulltøyet lagt i ein stamp med varmt vatn og trampa med beina for å stampe og tove det, slik at det vart tettare og meir slitesterkt. For å reinse tøyet for skit og feitt vart vatnet tilsett gjera urin, fordi det inneheld amoniakk. Seinare vart det brukt såpe i staden for urin. Etter stampinga vart tøyet lagt til skyljing i elva.

Berget under øvre brukaret ved Vabrua er borte i dag. Det hadde namnet Stampeberget. Vi har ingen skriftlege kjelder som kan stadfeste at dette har vore ein plass for stamping av vadmål, men namnet tyder på dette. Ein veit såleis heller ikkje kva for stampeteknikk som vart nytta her.

Vadmålsstampe på Sagelva Vasskraftsenter