Garveprosessen kunne gjerast på ulike måtar, men etter det ein kjenner til var det "lôg-garving" Hans i hovudsak nytta seg av. Etter å ha salta skinna ei tid vart dei lagt i bløyt til håra kunne skrapast bort. Bruk av kalk eller ammoniakk letta denne prosessen som slett ikkje var luktfri. Betra vart det vel ikkje at Hans måtte nytte ei blanding som vart kalle "pyr" til dette. Ein viktig ingrediens i "pyren" til Hans var hønemøkk. Deretter vart hudene lagt i store trekar fylt med lôg som var laga av knust bork av bjørk eller gran som tilførte garvesyre. Garvesyra bidrog til at skinnet heldt seg mjukt og ikkje rotna. Hudene kunne gjennombarkast, eller det kunne stå att ei rand med ubarka hud, såkalle råbarka- eller rårandlær.
På Maurhaugen levde Hans Iversen Skurdalshaugen (1815 - 1875), og her bygde han opp eit garveri. I bygningen i to etasjar midt i tunet dreiv han med garving heilt til han flytta frå der i 1854. Skodalsåa bidrog med rikeleg tilgang på vatn heile året, noko som var ein føresetnad for garveriverksemd. Garvar-Hans hadde kunnskap om garving og bearbeiing av alle slags skinn, og forsynte Skurdalsgrenda og sikkert større område med det dei hadde behov for av lær og skinn.
Bygdegarveri vart vanlege på 1800-talet. Bøndene leverte skinn frå alle slags husdyr og jegarar leverte skinn frå ville dyr. Sko, støvlar, seletøy m.m. og skinn til klede kunne lagast av produkta frå garveriet. Semsgarving eller feittgarving var først og fremst brukt på huder av mindre dyr, og skinna vart mjuke og kunne brukast til klede. Ved alun- eller kvitgarving (garving ved hjelp av koksalt) kunne også ull eller hår bevarast på skinna.
Grendegarvinga tok slutt da moderne fabrikkar tok over med meir effektive prosessar, men heilt fram til nyare tid tok blant anna Saga Landhandleri imot skinn som vart kjøpt opp av sentrale skinnfirma.
Foto: Fron Historielag - Vegar Skar
Ridesal av lær fra garveriet på Maurhaugen. Foto: Guri Skurdal Tofte