Ferdselsvegar langs Skodalsåa
Harpefossbrua er innfallsporten til Skurdalsgrenda frå austsida av dalen. I uminneleg tid har det her vore bru over Laugen og ferdselsvegar vidare opp gjennom grenda. Biltrafikken fyrst på 1900-talet førte med seg arbeid med ny veg frå Harpefoss og oppover Skudalsgrenda mellomkrigstida.
Stigen over Kleivin, som skal vere svært gamal, går søraustover til Hella og Klokkarstranda, vidare opp til bruka og gardane i Skrangellia. Stigen over Kleivin er i dag ein fin og innhaldsrik turveg.
Vintervegen vart brukt vintertid da ferdsla gjekk på elveisen. Juvet opp mot Solbråsfossen var ikkje farbart. Ferdselsvegen tok derfor av frå elva ved Klokkarstranda og opp mot Nigardsgardane og vidare nordvestover til ein kunne kome inn på elveisen att.
Gamle Gålåvegen
Nordvestover frå Harpefossbrua går den gamle Gålåvegen. Vi kan følgje vegfaret frå brua opp Steindalsbakken og vidare mot Nedre Nigard Skurdal. Her fanst på 1700-taletau eit eldre vegfar. Både vegen og Skodalsåa gjekk i si tid rett over Nigardsjordet. Vegen vart seinare lagt om med ein sving sørover mot Jota. I dag har ny E6 endra landskapet i dette området. Ved Øvre Nigard Skurdal kom den eldste ferdselsvegen over jordet inn på vegfaret som i dag går forbi Skurdalshaugen og kryssar Baksidevegen ved Saga. Vidare har vi to ferdselsvegar, Krokgeilen og Gammelskulevegen.
Krokgeilen, som er svært gamal, svingar vestover på øversida av Maurhaugen, forbi Klotlykkja og Krokum for vidare å gå opp til Øvre Monshaugen og så opp til Steinom, Torgerhaugen og Vabrua. I eldre tider var det ikkje bru her, men ein plass der ein kunne vasse over Skodalsåa. Krokgeilen er bratt, men likevel den stuttaste vegen til Baukholstulen.
Gammelvegen, nå Gammelskulevegen, er den andre ferdselsvegen frå Saga og oppover. Han svingar fyrst litt sørover, deretter går han tett inntil Skodalsåa opp til Holomsbrua. Der kryssar vegen elva og gjer ein sving litt sørover att. Vidare går vegen vestover opp Bekkageilen og til Bekkahaugen. Mesteparten av haugen er sprengt bort på grunn av nyvegen. Her kjem Krokgeilen inn over Vabrua. Den gamle Gålåvegen går så vidare forbi Vadalen og opp Larsbakken. Der tok det før av ein ferdselsveg som gjekk nordover til Ruste. Den gamle Gålåvegen held fram forbi Nylund. Han kryssa dagens Gålåveg og gjekk forbi Korsstugu opp til Stubbroholet, der nyvegen kryssar åa og held fram oppover Baukholsgrenda mot Gålå.
Gamle Baukholstulvegen går frå Stubbroholet opp langs med Skodalsåa til Baukholstulen, forbi Svintjønn og til Gålå. Vegen kom da landbruket vart lagt om og det vart bygd sentrale meieri/ysteri. Da måtte ein ha lettvinn mjølkefrakting med bil ned til bygda.
Kulturstig/turstigar
Det som er att av dei gamle vegfara som er omtala her, er i dag merka som kulturstig/turstigar.
"Skællin" og dei andre husmannsheimane langs den gamle Gålåvgen opp mot Stubbroholet. Illustrasjon av Kjell Skriubakken etter teikning av A. Wadahl
Harpefossbrua og den gamle Gålåvegen