Kvernhuset

Kvernhustomta ved Kvernbaken er etter Maurhaugkverna. Den var langt frå den einaste langs Skodalsåa. Eit amtskart frå 1828 syner heile 20 kverner langs Skodalsåa frå Baukholsgrenda og ned til Laugen. Dei fleste gardane i Skodalsgrenda hadde eiga kvern. Det store talet på kverner kan også tyde på at nokre av Rysslandsgardane hadde kverner langs Skodalsåa. Av Skodalsgardane veit ein om at Kvernhaugen, Skurdalshaugen, Maurhaugen, Nørdre Uppigard Skurdal, Holom, Torgerhaugen, Vaet, Vadalen, Baukhol Vestre og Dals-Baukhol hadde kverner. Nordre gardar, som Sygard Skurdal og Maurhaugen, hadde to kverner. Frå Steindalen og ned til Laugen låg òg nokre kvernhus.

Dei gamle kvernhusa var små lafta hus, om lag 3 x 4 meter, og bygd på ein grunnmur av stein med plass til kvernkallen under. På oversida av kvernhuset var det vanlegvis ein dam, og frå denne ei vassrenne som leidde vatnet ned på kvernkallen som dreiv kvernsteinen. Kornet vart fylt i ei tine/kasse under. Tina/kassa stod over kvernsteinen, og kornet rann derifra og ned i "kvernauga" i den øvste steinen. Denne steinen gjekk rundt saman med kvernkallen, medan steinen under låg i ro. Mellom steinane vart så kornet knust til mjøl. Ved å heve eller senke den øvre steinen kunne ein møale grovt eller fint mjøl.

Vanlegvis vart det male korn haust og vår når det var stor vassføring i elva. Ved Svintjønn var det sett opp dam, slik at vassføringa kunne regulerast. Kverna kunne gå heile døgnet når det var nok kvernvatn. Det var eit tolmodsarbeid å passe kverna, og som oftast var det husmenn som stod for malinga.

Det er uvisst kor gamle bekkekvernene er, men bruken går i alle fall attende til mellomalderen. Dei gamle bekkekvernene vart etterkvart lagt ned. Større og betre møller vart tekne i bruk utover 1900-talet, og møllene i Loholet og Fossåa vart dei mest brukte for Skodalsgrenda.

Interiøret i Skurdalshaugkverna med tine og kasse. Dette kvernhuset og kverna er restaurert og står på Fron bygdetun i Sørdorp. Foto: Arne Hernæs

Kvernkallen i kvernhuset frå Skurdalshaugen på Fron Bygdatun i Sødorp.

Foto: Arne Hernæs