Vasskraft

Ved Skurdalshaugen har Skodalsåa eit høgt fall utover berget. Tilhøva er såleis ideelle for å utnytte vasskrafta i elva, noko som har vore gjort på ulike måtar gjennom tidene.

Vasshjulet

Det vart bygd eit stort vasshjul på om lag tre meter i diameter og 1,5 meter i breidda. Akslingen av tre var grov, mens lagera var av jern og om lag 10 cm. i diameter. Vasshjulet var eit såkalla overfallshjul. Vatnet kom inn på toppen og fylte lommene i hjulet slik at tungda av vatnet drog hjulet rundt. Når hjulet var bygd veit vi ikkje, men det var i bruk til fram på 1930-talet da elektrisiteten kom til grenda.

Vasshjulet var drivkraft for både treskemaskin, reinsemaskin for korn og frø, tredreiebenk, sponhøvel og slipestein. Med reinsemaskina vart kornet og frøet blåse reint og fint med vifter, slik at agn og rusk forsvann. Sponhøvelen høvla takspon som vart brukt til tekking av tak på låvar og uthus, eller brukt under skifertak. Her vart trekubbar på ca. 60 cm. trykte ned i ei renne, og kvar gong høvelen gjekk opp og ned skar han ein ny spon.

Husa

Det var fleire hus på Skurdalshaugen, kvar til sin funksjon. Låve, agnhus og halmhus var knytt til treskinga. I tørrstugu vart kornet tørka før det kunne malast til mjøl. Attåt smia var det òg ei spesiell innregning for skoing av hest. Kvernhuset, som stod der tidlegare, finn ein i dag på Fron bygdatun i Sødorp ved Vinstra. Kverna er bygd opp att med kvernkall og vasskraft frå elva Sula, og kan framleis nyttast til å male korn. I dag er det berre smia og tørrstugu som står att ved Skodalsåa.

Vasshjulet slik Arve Skurdal hugsa det. Illustrasjon: Kjell Skriubakken

Husa etter teikning av Ole Haugen. Illustrasjon: Kjell Skriubakken