Jakob Smed
Det har vore mange gode smedar på Skurdalshaugen. Jakob Skurdalshaugen f. 11.03.1810 d. 1898 var ein av dei. Han var ein hardt arbeidande og kreativ kar som meinte det berre var tull å sove. Det skar seg etter tredje døgnet. Han gav seg i kast med vanskeleg arbeid og var særleg kjend som låssmed.
Jakob kunne hjelpe både to- og firbeinte. Var hestane uråd å sko måtte folk ty til Jakob. Fekk folk tannverk visste smeden råd der óg. Mykje flott arbeid står att etter fleire generasjonar smedar på Skurdalshaugen.
Bakgrunn
Fronsbygdene ligg i et jarnrikt område med myrmalm. Den dag i dag finn vi spor etter jarnvinneanlegg både i skogen og på fjellet. Jarnvinneanlegga var ei god tilleggsnæring for gardane i dalen ved sidan av jakt, fangst og seterbruk. Dette fordi stormenn, kyrkje og lokale bønder hadde behov for jarn for å smi gjenstandar både til bruk i inn- og utland.
Smedane har alltid vore i ei særstiling attende i tida. Dei betalte halve tiend (Retterbot 1277). Smeden var enten grovsmed, kleinsmed, ankersmed, hovsmed, trådtrekkar, spikarsmed, låssmed, kunstsmed, sverdsmed, brynjesmed eller våpensmed.
Smia her på Skurdalshaugen er ei tømra gardssmie frå 1800-talet. Ho går inn i eit tidlegare rikt bygningsmiljø og lokalt industrisamfunn langs Skodalsåa. Murar etter dammar og andre hus står att, men det meste har vatnet teke bortsett frå smia og tørrstugu nedanfor. Under smia var det eit lite grisehus. Siste ombygging av smia vart gjort på tidleg 1900-talet med reisverk og panel i form av ei sval i begge endar. Smia var noko i bruk fram til 1970- til 80-talet. Avl, ste, verktøy og emne er framleis ein del av interiøret.
Smia på Skurdalshaugen
Smedarbeid frå Skurdalshaugen
Jakob Smed