av Iver Forseth (publisert i Årbok for Gudbrandsdalen år 2000)
I det siste hundreåret har vi hatt fleire store flommar i Gudbrandsdalen. Alle gjorde stor skade, men dei rokk ikkje opp mot storflommen i hundreåra før, Storofsen i 1789 og flommen i 1860. Svartedauden og Storofsen er dei største ulykkene i Gudbrandsdalen etter at dalen vart bygd og busett.
Slike flommar som det var i 1927, 1938, 1939, 1967 og 1995 har det vore gjennom alle tider. Frå gamalt låg de fleste gardane langt oppe i lia, jorda i dalbotnen var lite utnytta. Flommar i Otta og Lågen nådde ikkje vegane så lett, jernbanen var ikkje bygd. Hovudvegen gjekk oftast langs gardrekkja oppe i lia. Frå 1852 og heile tiåret framover vart det arbeidd med ny veg gjennom Øyer og Ringebu. Både den nye riksvegen og jernbanen vart lagt i dalbotnen. Det voks fram tettstader, ofte ved møller og sagbruk som låg inntil tverrelvene. Både Vågåmo, Tretten og Vålebru har vore utsette for skadeflom. Finna er truleg den tverrelva som har herja verst. Ho har skifta far fleire gonger. Under flom dreg ei slik tverrelv med seg store mengder stein, grus og jord som elva legg frå seg på flatare parti, før elva munnar ut i hovudvassdraget. Desse demningane fører ofte til at elva skiftar løp, ho pendlar. Mesna, Gausa, Moksa, Våla, Frya, Vekleåa, Finna og Tessa er elver som har funne seg nye løp under flom. Store delar av tettstaden Kvam er bygd på gamal åkerjord som Veikleåa la øyde i 1789. Det er mye som tyder på at det ikkje var store flaumkatastrofar i Gudbrandsdalen i hundreåra før Storofsen i 1789. Vegstasjonen etter elveløpa hadde grodd til, det tek lang tid etter ein storflom. Schøning og Hiorthøy nemner ikkje flommar. Dei refererer gamle dokument og folkeminne, men eg kan ikkje finne anna
Finna i fordums dage
Finna Elv, hvilken i fordum Dage, har havt sit Løb tæt under Biærge Siiden, paa hvilken Sundbu, Svee, Øye-Gaardene, Blessum med flere nu ligge. Bemeldte Elv skal og engang tilforn have havt sit Løb vesten for Kirken, skiønt den nu har sit Løb østen for den. Efter begge Dele, nemlig saavel dens Løb under Biærge-Foden, som vesten for Kirken, sees endnu tydeligere Kjendetegn: men Tingen maae være skeet for meget gamle Tiider. (Schøning, 1775)
enn det Schøning skriv om gamle elvefar etter Finna. Når vi veit korleis Finna har herja dei siste to hundre åra, var ho sikkert slik før og. Ola Grøsland skriv i ein artikkel om tettstaden Vågåmo at tingplassen der truleg vart rasert om lag 1350, da Finna braut seg gjennom og tok seg far nedetter mot Vanglandet.
Bøverdalskyrkja strauk med elva
Den gamle kyrkja i Bøverdalen sto synnafor garden Uppigard Galde. Kyrkja reiste i ein flom i Bøvra om lag 1655. Det synes rart at kyrkja ikkje var sett opp i trygg avstand frå elva. Men Bøvra kan ha grove, slik at heile området rasa ut. Kyrkja for "heilt og halden" etter elva til ho støytte på nokre store steinar slik at ho rauk sund.
Flommar på 1700-talet
I 1760 var det flom i Lågen som gjorde stor skade. Det vart samla inn pengar i kyrkjene i heile dalen. Det kom inn 313 riksdalar som vart skifta mellom bygdene. Fåberg hadde størst skade og fekk 80 riksdalar, Fron fekk 47 riksdalar. Amund Bø i Gausdal skriv i dagbøkene sine om to flommar til som var så store at bruene over Gausa strauk. Dette var i 1772 og 1778.
Storofsen 1789
Storofsen ber namnet sitt med rette. Etter denne "Skriusommaren" er det ingen flom som har nærma seg flommålet frå 1789 i Gudbrandsdalslågen. I 1995 nådde flommen ein god halvmeter opp på flomstøtta sør for Elstad i Ringebu. I 1789 var vatnet om lag 4,7 m. høgare! Forteljingane om Storofsen levde lenge mellom folk. Ivar Kleiven var fødd i 1854. I boka "I gamle Daagaa" skildrar han Storofsen, og gjer det så godt at du kan sjå det for deg:
Flom i 1348
Rolf Øygard, Skjåk, fortalde at han ein gong hjå Trond Eklestugun såg eit gamalt og forvitneleg dokument. Der sto det at Gudbrandsdalen især og heile Norden i 1348 var utsett for ein skadeflaum av uhyggjeleg omfang. Året før var det barnedaue og året etter kom mannedauen. Det var i denne digerofsen at Finna skar seg nytt far. Før hadde ho svinga ut og nord ved Vang, Lye og Fellese, til ho slo tvert over og ut i Otta ved Kvithamaren. Det heiter Finnhovda der enno. Utanfor Fellese og Lye lag det ei øy eller halvøy og der sto dei gamle husa på Fellese. Føre 1348 var Vågåvatnet berre lite. Men denne gongen bar Finna med slike ofselege mengder med stein og grus at ho demde opp vatnet, så det vart så stort som no. Øya utanfor Fellese kan ein sjå enno, når vatnet er på det klåraste. Flaumen 1789 var ikkje noko mot denne digerofsen. (Notat i arkivet til Dølaringen på Opplandsarkivet skrivi på baksida av eit halvt ark brevpapir, merka Ordføraren i Vågå.)
"Nei, da sette det de paa med slikt aagaa-laust Regn Tys'da'n den 21de Juli, at de va som de skulde oust ne kaar ei Stonn, Tora slo verre hell nugun Gong og de var så dimt og myrkt som um Natte. Regne ga paa like gale baade Onsda'n og To'sda'n og Tor-Slaatten likesaa og mange trudde at Endin paa Verd'n heldt paa og kom. Onsda'n voks Elvinn saa fort at døm flømde innover Breddin for kaar Stonn og Vass-Mengdann orka likesom ikje aa velte se onda ein a'an. Og saa bar Jorde te aa breste ut og rase lous alle Sta'ann der ho laag saa bratt te at ho kunne sige. Og i alle di bratte Li'om og Bakkom vanta de ikje paa On'-Lann. Ein slik Dag ha alder vore spord. Skriunn brotna ut paa alle Lei'e, uppi øvste Hø-Broon og me'-lies, Stein rulla me Daan og Donder, Skogen volt aat ymse Sio og Elve og Æ' og Bekkje søgde og larma - de va eit Smal og Brak høgt og laakt kaar ein vende seg av, saa ein kjennde Jorde skakest onde se. Di store Elvinn, Otta, Laagen og Sjoe, va stinne som ei Jord-Supe og ogo-paa flout de saa tjukt me Skog-Fang, at de saag ut som ein flotandes Skog, kaar de va ei Stille. Heile Lalms-Vatne va saa aaltekt me Tre-Fang og Rat, at de saag ut te, aa kunna let' se gjort aa gaa paa di. Regne heldt paa og ouste ne for-utta Upplette og Skriunn gjekk paa alle Lei'e; men verst va de Onsda'n. Heile Dagen lyddest Daane 'taa Skriuom og Folk trudde de ikje vilde ende, førr all den Jorde som fannst vilde loupe av. Utpaa Kvelde Onsda'n va de mest som de stilna av naagaa, for alle di Loupe, som Skriunn no ha gjort, drog Vass-Mengdin aat se, saa han fekk renne onda, og demdest ikje upp i Jorden saa mykjy. To'sda'n leikte Regne like gale og ei og annor Skriu gjekk ut, men de va mindre 'taa di. Ut-paa Dagen letne Vere naagaa og um Natte var det Upphelds og kolna i Høgden saa baade Elve og Bekkje sta'na Voksten og bar te felle. Fredags-Maargaan va Ve're reint og klaart og Vass-Flomen datt fort ned att - Folk letna att for Bringun. Men Gud fri oss alle, kaa de saag ut i Bygden ette desse tri Daag'om!"Mellom Harpefoss og Tretten var dalen fylt av ein stor innsjø, heilt stinn av jord og grus. Busker, bygningsstømmer og heile tre flaut oppå. På Odenmo i Sør-Fron sto vatnet 2 1/2 meter høgare enn det vi har sett i det siste hundreåret. Fron og Vågå (med Sel og Heidal) var dei bygdene som for mest ille. I heile Gudbrandsdalen omkom 61 menneske. På fleire gardar strauk alle husa, mellom anna på den gamle sorenskrivargarden Sunde i Vågå. På dei tre Veggums-gardane var det berre ei stugu som bergast. Den gilde garden Jørondstad på Sel gjekk med i flommen, både hus og jord. Hoft i Bøverdalen, som låg på austsida av elva, tok slik skade at heile garden vart fløtt over på andre sida. Men dette er berre nokre døme. Av den materielle skaden var det oftast verst å bøte på åker og eng som hadde fore ille. I Fron vart 25% av åkerarealet heilt øydelagt. Mange mista mye av det dei åtte både av hus, buskap, avling, reiskap - og dei fekk jordvegen redusert. Det vart tungt for mange. Noen tok sitt eige liv. Men dei fleste gudbrandsdølane knytte nevane og meinte det måtte gå, sjølv om den svarte armoda ikkje var langt unna. Skaden vart taksert, skylda vart sett ned og det vart gjeve skattefritak for 602 gardar i Gudbrandsdalen. Der skadane var størst, slapp dei med halv statt i 10 år framover. I "Fronsbygdin" skriv Ivar Kleiven at mye av den verste skaden vart retta opp på nokre år. Men heilst som før vart det ikkje før etter nokre tiår.
Årsaker til at så mye rasa ut
Hovudårsaka var sjølvsagt dei enorme mengdene med regn. Men jorda var blaut før det store regnveret starta. Snøsmeltinga i Jotunheimen var så å si over. I Vågå var skogen hogd ut, Schøning nemner dette i 1775. Mellom anna hadde "Rik-Skjellin" hatt stor skogsdrift i 1743. Etter ei tid rotnar røtene og dei kan ikkje lenger halde jordmassane på plass. Sigmund Høgåsen meiner at det alt i 1750 var hogge ut meir enn forsvarleg. Frå 1766 var det kritisk. Det var lenge sidan siste storflom. Elver og bekker hadde vokse att med tov og kratt. Vatnet kom ikkje unna. Amund Bø frå Gausdal skreiv i dagboka si i 1789 at det var sterk berrfrost hausten før. Telen gjekk djupt, og gjekk ikkje ut av jorda før langt ut på sommaren. "Jorden var altså meget løs og åben, så at den trak vandet mere i sig, hvor over den des lettere kunde glide ned fra høyderne".
Melding frå Fron
Endnu ved man ikke, hvor stor Ødeleggelsen nordenfor er, siden Veiene ere ruinerede, endog Kongeveien paa mange Steder udstyret, at ikke rudera af samme kan kjendes, men saavel Beliggenheden som det store Mængde Vrag, som har gaaet i Elven, lader befrygte megen Ulykke skeet. Saavidt man til i Dag med Vished har faaet Underretning om, er 7 mennesker her af Hovedsognet omkomne, 2de Gaarde, hvorfra folkene Natten forud flyktede, men samt Huuse, Agre og Eng aldeles nedstyrtede.... (Utdrag frå "Norske Intelligenzsedler" nr. 31, 5. august 1789).
Utdrag frå tabell hos Helland: "Kristians Amt" frå 1913. For Vågå var "skadens hele verdi" 119659 riksdalar, for Fron 107911 rd. Eit mål åker var 49x49 alen = 2401 kvadratalen. Det er tilnerma lik 1000 m2. 1 mæling eng var omtrent 4 mål. Sel og Heidal hørte til under Vågå. Skjåk låg under Lom.
1860 - Finna riv seg i VågåmoomStorflommen i 1860 var eit restultat av store snømengder og regn. Ivar Kleiven skriv: "Vinteren 1860 var ein stor Snøvinter, og Vaaren var baade sein og hard". Veret slo brått om til sommarvarme, heilt til fjells. 14. og 15. juni voks Otta og tverrelvene opp over vanleg flomhøgde og dagen etter tok det til å striregne. Kleiven fortel at vassmengdene i Otta vart klemt frå båe sider ut mot midten, der elva gjekk med ein 3 alner høg kam "som rusa av stad i den villaste leik". Otta nådde tett oppunder flommålet frå 1789. Kleven meinte det mangla 6 tommar, og slik er det hogge inn i flomstøtta på Lalm. Finna herja fælt i Vågåmo. Det ho hadde esla att av Klokkargarden i 1789, det tok ho nå, både hus og jord. Vågåkyrkja var truga da Finna gjekk over vegen på båe sider av Finnbrua og ein del av elva tok mot kyrkja. Tettstaden Vågåmo var ikkje bygd ennå. Det var berre vel 70 år sidan Ofsen, så det var kanskje grunnen til at det var lite bygd mellom Sve og Finnbrua. I "Neermoom" var det ei rad husmannsplassar. Gjennom Øyer og Ringebu
var den nye riksvegen snart ferdig til bruk. I dei lause fyllingane fann flommen eit lett bytte. Under vegarbeidet hadde vegarbeidarane reist ei heil rekke vegstøtter. Storflommen i 1860 rokk opp på fleire av dei, der arbeidarane hogg inn flommerke. Attåt dette hogg dei flomhøgda inn i fjellvegger og steinar. Det var minst 12 slike merke i Øyer og Ringebu, men mange av dei er reinska vekk, ilag med rodesteinar og andre kulturminne etter vegen. Lillehammer Tilskuer skreiv 18/6-1860: "Nat til Søndag (16/6) gikk Hengslet over Laugen, hvorved en stor del tømmer gik du på Mjøsen, til ikke liden skade for Eierne, flere Huse kom også seilende og længer du paa Dagen fik vi se det bedrøvelige Syn, at Brunlaug Bro , der i vinter er oppført og kun for omtrent en Maaned siden blev ferdig, ogsaa kom seilende nedover Elven og udover Fjorden, hvor man fik det travelt med at faa den standset og bugsert til Land". Brunlaug bru var ikkje den einaste som strauk med flommen. I heile Oppland strauk 114 bruer! Det er ofte slik at Otta flommen kjem eit par veker seinare enn flommen i Lågen. I 1860 var det Ottaflommen som skapte flomtoppen i Mjøsa. J. Aastad, NVE: "Flommen i 1860 som kulminerte i Mjøsen 22. juni var en langvarig fjellflom under snesmelding og regn. Den egentlige stigning i Mjøsa pågikk herunder i ca. en måned". I 1860 steig vatnet i Mjøsa så høgt at folk rodde i gatene på Hamar. Flommen nådde 10.07 m. på Hamar vassmerke. Ved jamføring mellom vasshøgdene i Nes Kirke 1789 og 1860, vart Storofsen sett til 10.10 m.
Flomstøtta på Lalm. Avstanden mellom merket for 1958-flommen, nedst på støtta, og opp til merket Storofsen i 1789 er 2.82 m. Flommen fyrst i juli 1995 er ikkje med, merket skal stå om lag 10 cm. under 1938. Flomhøgda for Storofsen er ført over frå eit flommerke i ein stein, 200 meter nord for Hammerberget, oppmålt av NVE i 1933. Denne steinen vart sprengt vekk under vegutviding i 1970-åra. Foto: I.F. 1999.
Denne vegstøtta står 180 m sør for Fåvang kyrkje, i øvre vegkanten ved den gamle riksvegen. Steinen vart sett opp av vegarbeidarane da vegen vart bygd. Hendene og årstala syner til når vegen vart ferdig. Under hendene hogg dei inn flomhøgda 18/6-1860. Foto: I.F. 1999.
Brunlaugbrua på Fåberg vart rivi vekk av tømmer 9. mai 1916. Dagen før hadde ein stor tømmerlunne lagt seg mot brua, men sjølv om fløytingsformann Håvemoen sette inn 10-12 mann for å få vekk tømmerlunnen, klarte dei ikkje å redde brua. Kristians Amt la an sak mot Laugens Fællesfløtningsforening, men foreninga vart frikjend. Det var i alle fall på høg tid med ny bru, den fyrste bilen kom til Lillehammer i 1904 og alt i 1910 vart det fyrste bilselskapet i Fåberg og Gausdal starta. Den nye brua vart ferdig i 1921, i mellomtida måtte dei klare seg med ferje og ei provisorisk bru. Foto frå bildesamlinga til Trygve Bræin. Kjelde til teksta: "Gausdal Bilselskap A.S. 1917 - 1967".
Regulering av fjellvatna tek til
Både i 1910 og 1923 var det stor vassføring i Otta midt i juni, men det jamna seg ut nedover vassdraget. Losna nådde ikkje opp i flomhøgde i 1910, men Mjøsa steig til 7.70 m ved Hamar vassmerke, omtrent som flommen i 1967. Slike flomhøgder i Mjøsa var meir vanleg i tida før 1910 enn dei har vore seinare. Den fyrste reguleringa av fjellvatna i nedslagsfeltet til Lågen starta i 1917 med Bygdin. Seinare er ei rad av fjellvatna regulerte i samband med kraftutbygging. Nå er 16% av nedslagsfeltet i Gudbrandsdalen regulert. Dette har ført til lågare flomvasstand. For flommen i 1995 er det rekna ut at reguleringsmagasina senka flomhøgda i Lågen med 60 cm. Lars Gaukstad, direktør for Opplandskraft i ei årrekke, hevdar at før så sto Lågen innover vollane i ni av ti vårar. Nå er det berre ein av ti - og skaden den våren blir dekka av naturskadefondet.
Ringebu 1924. Lågen sett sørover frå Bergshaugen. Foto: J.N. Elstad.
1927 - Storflom i Otta og Mjøsa
17. mai 1927 var ikkje snøsmeltinga komen i gang i fjellet. På Forsetsætra i Gausdal Vestfjell kjørte dei med hest og slede over skigardane denne dagen. Det var godt over ein meter med fast snø. 1. juli meldte "Gudbrandsdølen" at Ottaflommen kom: "Elven har de tre siste dage vokset kolossalt og aar nu over veien ved Sørem". Mjøsa var alt så stor at vatnet sto oppunder den store kartongmaskina til Mesna Træsliperi og Kartonfabrik på Lillehammer: "Vandstanden i Mjøsen er i dag 7.58 meter". På grunn av flommen fekk arbeidarane 11 dager sommarferie frå 24. juni. Men kartongfabrikken kom ikkje i drift att før 29. juli. Den fyrste veka i juli var varm. I Vågå var det fleire dagar med over 30 varmegradar i skuggen. "Gudbrandsdølen" meldte 8/7: "I gaar kveld fik vi av Iver LUnde i Vågå følgende melding: Her er hav nu. Elven står ca. 1 1/2 meter over veien, og den er nu fullstendig sperret for all trafikk. Man maa over jordene et længere stykke. Nogen synderlig krok paa vieen blir det ikke, men det er brat og tungt. Vi har pløyet fure i jorden saa bilens forhjul kan gå etter den. Der gik i gaar nogen mindre lastebiler. Man kjører også varer med bil til oversvømmelsesstedet, fragter videre med hest over jordene, og saa med bil igjen". Dagen etter skreiv avisa at Ottaflommen hadde kulminert, men på Sørem og Sandbugardane sto 200 mål åker og eng under vann. Dei ti fyste dagene i juli steig Mjøsa 70 cm. Vatnet sto over vegen nedanfor Hov og Boleng i Vingrom. Trafikken gjekk oppe ved gardane. Vegen mellom Vingnes og Jørstadmoen sto og under vatn. Lågen sto innover Jørstadmovollane, om lag 1000 mål åker og eng. Mjøsa steig til 8.31 m på Hamar vassmerke, høgste vasstand etter 1860. Seinare har ho ikkje nådd så høgt. Rekord vart det også på moltemyrene. I alle fall i sørdalen er 1927 rekna som det store molteåret i dei siste hundre åra. Sein var er ofte bra for moltehausten.
Haustflommen i 1938
Natt til tysdag 30. august 1938 sette det inn med regn sør i Gudbrandsdalen. Vind frå søraust reiv med seg ein heil del kornstaur oppover dalen. Utpå kvelden kom regnet for fullt over det meste av Gudbrandsdalen, ilag med eit torever heilt utanom det vanlege. Landskapet vart lyst opp omtrent utan opphald i timevis. Dagen etter høljregna det. Rektor K.K. Sortdal på Klones i Vågå fortel: "Jeg har aldrig noensinde sett maken til regn, som det som faldt utover ettermiddagen onsdag 31te august. Når skurene kom som verst var det omtrent uråd å se ut av vinduet, endog midt på dagen...I den beksvarte natten hørtes et dommedagsbulder av ras og sten som de frådende vannmasser førte med seg. Det luktet svovel i luften så en kunde nesten få tanke om at enden var nær". Det var vestsida av Gudbrandsdalen som fekk mest nedbør, heilt opp til 156 med mer på to døgn. I dei fire dagane etter kom det ei full rotbløyte. Desse nedbørsmengdene førte til den største haustflommen i hundreåret. Særleg tverrelvene på vestsida av Gudbrandsdalen var det storflom. Nedbørsområdet var skarpt avgrensa mot aust. Tverrelvene på austsida flomma ikkje opp. Elvene voks opp til langt over vanleg flommål. Bøvra og sideelvene Leira, Visa og Sula flomma opp og øydela vegen i Bøverdalen. Bøvra sto meir enn ein meter over vegbanen. Nå fekk folk i Vågåmo verkeleg sjå Finna på sitt verste. Utpå kvelden onsdag 31. august steig vatnet fort og fossa inn i gatene. Dei som budde mest utsett til, rømte ut av Vågåmo og opp i prestegarden, over 200 personar. Nugga som kjem ned ved ysteriet, voks og opp til ei stor elv. Flybildet frå Vågåmo syner at Finna braut gjennom på nordaustsida av Finnbrua, mellom brua og Skogbygdsvegen. Verkstaden til Ragnvald og Amund Berg reiste i flommen og det vart store skadar på andre hus. Våningshuset til Nils Amundsen sto rett på austsida av Finnbrua. Det fekk hard medfart, men vart jekka opp og sett i stand att. Tessa tok nytt far ved 4-tida natt til torsdag. På Tessand strauk fleire uthus i flommen. Heile tettstaden Tessand var truga, men folk gjekk saman om vakt og verna grenda. På Otta vart dei lågaste områda i tettstaden sette under vatn, mellom anna eit stort område ved jernbanestasjonen. Vatnet sto i høgde med toppen av jernbaaneskinnene. Dei to elvene Lågen og Otta møttest ved jernbaneovergangen midt i sentrum. Det vart mykje vatn i kjellarane, elles gjekk ikkje større verdiar tapt. Det var like før den gamle trebrua over Lågen strauk. Vatnet gjekk heilt oppunder brua.
Dei store vassmengdene bløytte opp jorda slik at jord rasa ut. Det gjekk skriu i dei fleste bygdene på vestsida av Gudbrandsdalen. Både i Gausdal og Vågå, men særleg på baksida i Nedre Heidal gjekk det mange store skriu. Vegen til Heidal kunne ikkje kjørast onsdag kveld. Prestgardsbrua over Sjoa reiste i flommen. Riksvegen i Gudbrandsdalen vart sperra. I Ringebu og Øyer sto vegen under vatn fleire stader, i Øyer i fleire kilometer, frå nordjordet på Kramprud til nordover mot Skarsmoen. Ved Talleråsbrua i Dovre var vegen øydelagd i 400-500 meter lengde. På Lesja var det fleire mindre brot, det største ved Lesja Ysteri. Ved Steinkista ved Brunlaugbrua i Fåberg sto vatnet to meter over vegen, 23 cm under flommerket frå 1860. På Fevollen i Sør-Fron nådde flommen 10 cm. over flommerket frå 1860. Losna steig med 4.7 m på to døgn! Sjølv om det var mye vatn i Lågen, vara ikkje flommen lenge nok til at Mjøsa steig høgare enn vanleg vårflom. Trass i sperra vegar, gjekk det an å ta seg fra mellom Lillehammer og Lalm. Ruta gjekk om Svingvoll i Gausdal, Tretten, baksidevegen til Fåvang, opp til Brekkom, over åsen mot Vålebru, solsidevegen til Frya og riksvegen fram til Lalm. På vegen mellom Lalm og Vågåmo var vegen rasa ut tre stader. Jernbanen måtte gje seg for vatn og ras. Torsdag 1. september gjekk toga til Ringebu, fredag berre til Tretten. Distriktssjek Poppe fortel: "Det er brudd i brudd hele veien på jernbanelinjen. Det foregår et intenst arbeid med å få linjen i stand. Lile nord for Otta er det et 30 m brudd, og et mindre ved Sandbu". Distriktssjefen håpa å få ordna lina fram til Otta på eit par dagar. Fram til Åndalsnes ville banen bli stengd ei vekes tid. Telefonsambandet med Heidal, Vågå og Skjåk var brote. I Vågåmo måtte folka på telefonsentralen rømme huset da Finna herja som verst. Torsdag vart det rigga til eit flet-telefonanlegg på Sørem. Det gjekk fleire dagar før alt var i orden. Eidefoss måtte stenge kraftstasjonen natt til torsdag da vatnet steig opp i generatorgrava. Det vart strømlaust i Vågå, Dovre, Sel og Heidal i tre dagar. Den samla skaden etter flommen i 1938 vart rekna til nær ein million kroner, halvparten av Vågå.
1939 og 1958: Flommen stengde vegar og jernbane
Etter haustflommen året før, venta ikkje folk vårflom i 1939. Men ofte går det ikkje slik folk ventar. Eit sterkt uver gjekk over Østlandet frå fredag 16. juni 1939. På Lillehammer kom det 72 med mer nedbør på to døgn. Elvene steig kraftig. Ragnhild og Gudbrand Søbye mista livet i Jøra i Vestre Gausdal måndag 19. juni. Dei skulle ta seg over elva med ein heis, men elva var så stor at ho tok tak i lemmen der dei to sat. Festet ved land gav etter og elva tok dei to. Dei hadde fem barn, berre den eine var konfirmert. På Lillehammer gjekk Mesna heilt oppunder brua i Storgata, og vatnet skapte store problem for bedriftene langs elva. Natt til 20. juni braut Åretta seg gjennom jernbanefyllinga rett opp for Lillehammer Dampsag og tok att det gamle elvefaret frå før jernbanen vart bygd. Åretta raserte heile fyllinga som jernbanen gjekk på. Vatn, grus og stein strauk rett nedover tomta til dampsaga. Etter flommen låg det att eit gruslag på over ein meter, og fleire bygningar vart skadde. Jernbanen vart stengt 4-5 dagar. I Vågåmo var ikkje dei nye murane langs Finna heilt ferdige. Etter flommen i 1938 var folket i Vågåmo redde. Denne gongen gjekk det bra sjølv om Finna gjekk over breddene. Ved Sulheim i Bøverdalen var vegen sperra av vassmengdene i fleire dagar. Når det er flom i Lågen, er baksidevegen gjennom Gudbrandsdalen god å ty til. Riksvegen ved Mageli var stengt. Vassføringa i Lågren nådde nær opp mot haustflommen året før. I Losna var det desse to åra som toppa flomhøgdene i heile hundreåret. Flommen fyrst i juli 1958 var stor både i Otta og Lågen, men tverrelvene skapte ikkje så store proglem, sjølv om Bøvra gjekk over vegen ved Sulheim nå og. I Vågåmo fekk steinmurane på båe sider av Finna prøvd seg mot ein storflom. So i dei tidlegare flommane steig Otta og Lågen innover elvevollane. Riksvegen var stengt både i Vågå og Ringebu.
1967- Smelteflom med regn gav 30-årsflom i Mjøsa
I det siste hundreåret har det i gjennomsnitt vore storflom omtrent ein gong kvart tiår. Flommen i 1967 kom på statistisk rett tid. Elvene steig raskt frå 25. mai. Sør i Gudbrandsdalen flomma Jøra og Gausa innover vollane. Det var svære snømengder i fjellet. 26. mai kom det sterk nedbør som løyste snøsmeltinga. Om kvelden 30. mai vart E-6 stengt for personbilar i Jerpedalen nord for Vålebru. 50-60 meter av vegen sto under vatn. Trafikken gjekk fyrst om Kjønås, seinare etter den gamle riksvegtraseen. Frya var så stor at ho tok nytt far nedanfor jernbanen. Det gjekk så mye vatn i det nye elveløpet at store tømmerstokkar kunne gå der. Jøra i Gausdal nådde så vidt opp i vegbanen på eit par plassar. Det vart store skader på åkrane langs Lågen både i Fron, Ringebu og Fåberg. Mjøsa steig raskt, opp til 35-37 cm i døgnet 1. og 2. juni. Det tok til å bli kritisk for bedriftene ved Mjøsa. På Lillehammer var det Mesna Kartonfabrik A/S og Lillehammer Dampsag og Høvleri A.S. som låg mest utsette til. Mjøsa steig til 7.72 m på Hamar vassmerke. I det siste hundreåret var det så stor flom i Mjøsa fire gonger: i 1910, 1927, 1967 og 1995.
Mesna Kartonfabrik A/S
Mesna Kartonfabrik A/S hadde ikkje hatt stans i drifta på grunn av flom sidan 1927. Laurdag 3. juni, ved ein vasstand i Mjøsa på 7.35 m, hadde vatnet stigi så høgt i fabrikken at drifta måtte stanse. Da hadde dei alt i fleire dagar kjørt lensepumper. På det meste pumpa dei ut 40.000 liter i minuttet. Dei neste dagane vart heile lageret av ferdig kartong kjørt til to ledige brakker i Hovemoen. Det var 2000 tonn kartong. Brutto verdi var tre millionar kroner. 200 motorar vart heiste opp, eller redda unna vatnet på annan måte. Slik redda fabrikken store verdiar. Fabrikken kom i gang att om kvelden 19. juni, etter stans i 17 døgn. Etter harde forhandlingar godtok arbeidarane at ei veke av denne tida vart avvikla som ferie. Fabrikkleiinga ville helst at arbeidarane skulle tatt tre vekers ferie frå 13. juni. Heile tapet for fabrikken vart rekna til kr 480.355,-. Over halvparten var verdigen av tapt produksjon. Fabrikken fekk ei flomerstatning frå Industridepartementet på kr 179.599,-. Det skulle dekke 60% av dei direkte utgiftene under driftsstansen, arbeidsløn, transport av kartoglageret, leige av lensepumper med meir. I 1967 hadde Mesna Kartonfabrik A/S 377 tilsette. Timeløna for kartongarbeidarane var kr 10,-. Fabrikken gjekk konkurs hausten 1980 etter å ha stridd med dårleg økonomi. I dag er det Strandtorget kjøpesenter som bruka lokala etter "Kartongen". I 1995 sto vatnet på det meste 40-60 cm over golvet i kjøpesenteret. I 1967 var vasstanden 21 cm lågare.
Lillehammer Dampsag og Høvleri A.S.
Flommen skapte store vanskar for Lillehammer Dampsag og Høvleri A.S. Saga hadde mye tømmer i lensa og vatnet steig over pålane som lensa var festa i. Dette vart løyst ved at lensearbeidsarane bora hol øvst i pålane og festa lensa med kjetting ned til pålane. Lensa vart passa både natt og dag. Ole H. Rønningen fortel at dei brukte båt med påhengsmotor, men strømmen var så stri at det var berre så vidt dei klarte å kjøre motstrøms på utsida av lensa. Ettersom vatnet steig på sagtomta, vart all trelast som var pakka ferdig for eksport, frakta unna, likeeins alle motorane. Alle plankestablane var lagt opp på gamaldags måte, og måtte stå der dei sto. Vatnet gjekk om lag ein meter opp i trelasta. Planken kunne nyttast etterpå, men det var mye sand som skapte problem både på saga og i høvleriet. Store mengder bord måtte seljast som forskalingsmaterialar. Den totale skaden vart taksert til kr 650.941,-. Største delen av dette var produksjonstap, sikringsarbeid og arbeid med lensa. Dampsaga hadde rett før flommen sett i gang arbeid med ny tørke. Bjelkelag og svill var lagt, men flommen tok det. Leiinga ved saga ville ikkje starte saga att før den nye tørka var klar utpå haustparten. Sagtømmeret låg ute ved skogsvegane heile sommaren. Mye vart øydelagt av biller. Alt dette førte til eit stort tap for Dampsaga, og Gjøvik Bruk kom inn som ny eigar. Flommen i 1967 var det fyrste steget mot nedlegging av Lillehammer Dampsag og Høvleri A.S.
1995 - Moksa herjar på Tretten. E-6 stengt og rekordflom i Mjøsa
I 1995 var det nesten 30 år sidan flommen i 1967. Mange av dei yngre hadde ikkje opplevd ein storflom. Visste politikarane på Lillehammer kva dei gjorde da dei gav løyve til å byggje eit stort kjøpesenter på eigedommen etter Mesna Kartongfabrik? Dette er eit område sterkt utsett for flom. Snøsmeltinga kom seint i gang i 1995. Heilt til søndag 28. mai var det skiføre i fjellet, men nå vart det varme i veret. Snøen låg djup langt nedover liene, og vi fekk snøsmelting i bygda og fjellet samtidig. Særleg på austsida av Øyer/Tretten var dette tydeleg. 31. mai gjekk eit jord- og steinras som sperra Dovrebanen sør for alpinanlegget i Kvitfjell. Fylkesvegen på vestsida i Fåvang vart også stengt. Det var Selsvollane som fyrst fekk merke trykket frå flomvatnet. Sjølv om det var arbeidd med å styrke demninga fleire dagar, braut vatnet gjennom "Skansen" fredag 2. juni. På E-6 vart den nye brua over Lågen i Rosten stengt. Vegvesenet la på store betongblokker for å halde brua nede på fundamenta. NVE har hatt målestasjon i Rosten sidan 1918, og fredag 2. juni 1995 gjekk det 662 m3/s i Lågen. Det er den største vassmengda som har gått der sidan målinga starta. Tverrelvene på austsida av Gudbrandsdalen flomma opp.
Torsdag 1. juni var Tromsa på Fåvang så stor at ho gjekk heilt oppunder den nye brua på E-6. Vasspruten sto over brua. Våla truga delar av Vålebru, men hardt arbeid med det som kunne skaffast av lastebilar og gravemaskinar berga dei utsette områda. Vassverket måtte stengjast. Folk fekk kjørt ut drikkevatn med tankbilar. Mindre elver som Rolla og Brynsåa flomma opp, tok nye far, grov og øydela. Moksa kjem ned nørdst i Tretten tettstad like sør for Stav. Moksa har eit stort nedslagsfelt, 87 km2, noko under det halve nedslagsfeltet er regulert i Våsjøen, Grunna, Goppollen og Djupen. Torsdag 1. juni var Moksa så stor at ho gjekk innover garden Stav og tok med seg nokre mindre hus. Verre var det at ho tok til å grave under grunnmuren på våningshuset. Elva gjekk stor og stygg, og ho bar med seg stor stein som kunne høyrast som ein grov dunder i elva. Natt til fredag vart ei uroleg natt for elvenaboane. Ved daggry braut elva seg gjennom om lag 200 meter opp for sentrum. Ho grov seg under ein betongmur nedanfor den gamle kraftstasjonen og tok både muren og ei jord- og steinfylling nedanfor. Dei hadde ikkje styrke nok til å stå mot Moksa. Nå hadde elva fritt spelerom, ho herja som ho ville. Ho gjekk lettaste vegen rett nedover å sørsida av Mølla, rett mot kornsiloen. Han tålte det ikkje. Ivar Arne Nordrum var inne i morgonsendinga til NRK-Opplandsradioen og rapporterte på direkten i det kornsiloen velta ut i elva og revna. Ein kornsilo og 630 tonn korn var tapt. Like nedanfor låg huset til Jørga og Odvar Nustad. Elva grov under grunnmuren slik at huset vart ståande med sterk helling mot elva. Det måtte rivast. Dei to butikkane nede ved gamle E-6, Nustad og Rognstad Kjøtt, fekk stor skade. Nedanfor den gamle kraftstasjonen grov Moksa så hardt inn i elvebakken at heile skråningen rasa ut. Huset til Solveig Nordgård rasa rett i elva. Flommen i Moksa i 1995 var den største etter at tettstaden vart bygd opp, frå 1870-åra. Utover dagen steig Lågen kraftig. E-6 vart stengd, og vegen sto under vatn både i Øyer og Fåvang. Vegen gjennom Vestre Gausdal vart stengd tidleg på dagen. Jøra sto over vegbanen både i Bødal og Olstadgrenda. I Gausa var vassføringa størst fredag 2. juni, 404 m3/s. Slike vassmengder hadde ikkje gått i elva sidan målinga nedanfor Aulestad starta i 1930. I pinshelga nådde Mjøsa grensa for skadeflom. Både ved Strandtorget kjøpesenter, L.A. Lund og dei andre bedriftene i området vart varene flytta ut etter som vatnet steig inn. Bildet av vaktmeisteren som ror inn i kjøpesenteret har festa seg på netthinna. På tre døgn steig Mjøsa over ein meter. Ved vassmerket på Hamar var største høgde målt til 7.93 m søndag 11. juni. Ved Lalm hadde Ottaflommen størst høgde 3. juni, ei heilt vanleg flomhøgde. Ved Ofossen i Skjåk kom toppen 26. juni, men da var vatnet gått ned 50 cm. ved Lalm og 90 cm. i Mjøsa.
Ekstreme flommar
Etter flommen i 1967 meinte hydrologane at ein vasstand på ti meter i Mjøsa, slik som det var både i 1789 og 1860, "vil kunne opptre en gang på hvert 700-800 år". Storofsen var i hovudsak ein regnflom. Den heilt ekstreme flommen i Gudbrandsdalen har vi truleg ikkje sett i historisk tid. Da må snøsmelting og regn av det verste Gudbrandsdalen har sett, falle saman i tid. Kjem det slik regn som det gjorde i 1789 attåt sterk snøsmelting, vil dalen få sjå ein naturkatastrofe som det i dag er vanskeleg å fatte omfanget av. Ein ekstrem flom kjem heldigvis ikkje ofte, det kan gå fleire tusen år mellom kvar gong. Slikt regnver som i 1789 kjem det kanskje berre ein gong kvart hundreår. Regnveret må råke rett tid på året og det må vera mye snø.
Flommen i Mjøsa i 1927 var kanskje ein hundreårsflom, han var i alle fall størst i hundreåret. Store område rundt Mjøsa vart sette under vatn. Huset til A/S Oplandske Dampskibsselskap på brygga i Lillehammer fekk vatnet langt oppover veggene. Foto: Thorsrud a.s.