har det også vore flommar. I 1995, i 2009 og i 2011 var det gjort skade på vegar, gard og grunn langs Skodalsåa. Ved desse flommane forsvann òg mange verdifulle kulturminne som kvernhustomter og steinmurar langs elva.
"Gammelofsen"
Bakover i histora har flommar og ras lik Storofsen i 1789 råka folk i Gudbrandsdalen mange gonger. Arkeologiske utgravingar i seinare tid har gitt oss ny kunnskap som blant anna fortel om kjempestore flomras for 2100-2200 år sidan.
Skodalsåa ber i seg kraft som har vorte styrt og nytta til mange gode formål, men òg kraft som gjennom naturen sine luner og klimaendringar kan gjere stor skade.
I nyare tid
I 1908
kom ein ny flom. Elva braut seg óg denne gongen gjennom ved Skurdalshaugen og tok same faret over Nedre Nigardsjordet slik som under Storofsen. I 1938 var det ògein stor flom.
var óg dramatisk for Skodalsgrenda. Da tok flommen på nytt med seg dei fleste kvernhusa og dammane langs åa.
Året 1860
Den mest omtala flommen er Storofsen 21. og 22. juli i 1789. Ofsen øydela mykje i Skodalsgrenda og tok med seg nesten alle kvernhusa etter Skodalsåa. Elva braut ut ved Skurdalshaugen og tok nytt far rett imot husa i Øvre Nigard Skurdal. Der tok ho mellom anna med seg eit stabbur som vart sett att på andre sida av elva lenger nede. Over jordet til Nedre Nigard Skurdal og Steindalen, der elva truleg gjekk tidlegare, tok elva faret som var laga for å gi vatn til kverner nede i Brudalen. Dei beste åkrane både på Skuralshaugen og i Nedre Nigard vart øydelagde ved at matjorda vart vaska vekk og stein og grus vart lagt att. Ein kan framleis sjå lausmasse (fyru) etter Storofsen på jordet til Nedre Nigard.
Storofsen
Skodalsåa er ikkje berre idyll. Under snøsmeltinga i fjellet og i tider med mykje regn er elva heller skremmande, og ho kan gå over breiddene og gjere store øydeleggingar.
Saga under flommen i 2011. Foto: Guri Skurdal Tofte