Om Norsk statistisk foreining

Norsk statistisk forening (NSF) er ei foreining for alle med interesse for statistikk og med ønske om å bidra til at statistikkfaget får auka utbreiing og innverknad i samfunnet.

NSF er ei vidareføring av Den Norske Statistikerklubb stifta 7. januar 1919 og vart konstituert 28. april 1936. Vedtektene vart vesentleg reviderte 4. mars 1985.

Formålet til foreininga er å vera eit bindeledd mellom norske statistikarar og å fremja deira faglege og profesjonelle interesser. Foreininga skal bidra til samarbeid mellom norske statistikarar og det internasjonale statistikar­samfunnet. Vidare skal NSF arbeida for å spreia kunnskap om og interesse for statistikk i skulen og elles i samfunnet.

Foreininga består av NSF sentralt samt NSF-lokallag i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.


NSF sentralt bidreg med å:

  •     Arrangera norsk statistikarmøte – annakvart år
  •     Arrangera nordisk statistikarmøte – annakvart år – med andre nordiske foreiningar
  •     Arrangera og bidra til seminar, konferansar og kurs i statistikk
  •     Utgje medlemsbladet – Tilfeldig Gang – 2–4 ganger i året
  •     Utgje tidsskriftet «Scandinavian Journal of Statistics» – med andre nordiske foreiningar
  •     Administrera utdeling av Sverdrup-prisane
  •     Formidla informasjon om arbeidsmarknaden for statistikarar
  •     Representera norske statistikarar i internasjonale forum og foreiningar for statistikk
  •     Fremja kunnskap om og interesse for statistikk i skulen og elles i samfunnet


NSF-lokallag bidreg med å:

  •     Stimulera til identitet og kontakt mellom statistikarar i regionen
  •     Inkludera statistikarar og statistikk­interesserte, òg utanfor akademia
  •     Arrangera møte for medlemmar og andre statistikk­interesserte i regionen
  •     Rekruttera medlemmar spesielt blant master- og doktorgrads­studentar


NSF-medlemmane får desse fordelane:

  •    Får medlemsbladet – Tilfeldig Gang – 2–4 gongar i året
  •     Redusert deltakaravgift på NSF-arrangement
  •     Redusert deltakaravgift på enkelte internasjonale møte
  •     Redusert abonnementspris på tidsskriftet «Scandinavian Journal of Statistics»
  •     Stipend for unge medlemmar til deltaking på seminar og konferansar
  •     Kvalifisert til å verta nominert til Sverdrup-prisane
  •     Tilgang til informasjon om ledige stillingar for statistikarar
  •     Kan spreia informasjon om ledige stillingar for statistikarar


NSF sentralt er medlem av: