Tysdag 17. mars:
Brage og Tore var innom hallen og kasta tre seriar kvar siste dagen av vekespotto, men Frank vart ståande som vinnar av vekespotto nr. 7.
Måndag 16. mars:
Nytt hcp-system vart lagt inn i dag. No tar hcp utgangspunkt i den som har det høgaste snittet i staden for 200 som før. Dermed fekk alle utanom Gaute meir hcp frå og med i dag sidan han har eit snitt på 220 i skrivande stund. Men sjølv med nytt hcp-grunnlag så held Frank stand, men no berre med 10 pinnar ned til Frode.
Alle deltakarane utanom Brage var i aksjon i kveld. Frode spelte bedrift på Voss medan Gaute, Tore og Frank trente i Øystese. Tore hadde ein god dag og held seg over 200 i snitt på denne rundens vekesspel. Gaute ligg også over 200 i snitt.
Sundag 15. mars:
I dag var Gaute og underteikna på Voss for å delta i den nye månadscupen der oppe. Eg hadde samstundes håp om å marknadsføra vekespotto for dei iherdige vossaspelarane, men der gjekk eg skikkeleg på tryne når eg spelte 278 i eine månadscupserien (284 inkl. hcp). Ikkje mange som kasta seg med på denne vekas potte etter den :).
Gaute storspelte som han pleier med 926 på fire seriar (231,5 i snitt), og sikra seg 2. plassen med det. Eg fekk 3. plass med 846 i rein score (211,5 i snitt), medan sigeren gjekk til Hans Erik frå Voss.
Laurdag 14. mars:
Mange seriar på Gaute og Frank i kveld og jammen løfta begge seg til nye høgder. Gaute auka med ein pinne til 258, men Frank fekk 256 i rein score og dermed 262 inkl. hcp som ny vekestopp.
Fredag 13. mars:
Ingen aktivitet i Øystese, men Frode nytta høvet på Voss og spelte seg á poeng med Gaute med 257 inkl. hcp. Ser at hallen i Øystese er ledig i morgon, så kanskje nokon kastar seg frampå med litt pottespel? Sundag er det månadscup på Voss. Rykta vil ha det til at det vert to ulike profilar i cupen, så det vert nok vanskeleg å scora høgt der.
Torsdag 12. mars:
Frode Oksnes melde seg på og spelte seks seriar i kveld inklusiv ny bestenotering på 249 inkl. hcp, Men Gaute ville det annleis. Han spelte 13 seriar på det han sjølv skildra som håplause forhold, men likevel prikka han inn ein 257-serie og ein falsk 300-serie (12 strike på rad, men fordelt over to seriar).
Onsdag 11. mars:
I dag starta vekespotte nr. 7 med blanke ark og rykande fersk hcp-liste. Fire kvemmingar heiv seg frampå første dag. Tore Tellevik var den som klatra høgast med ein 224-serie - med hcp vert det 246.
INFO VEKESPOTTO NR. 7:
- Periode: onsdag 11. - tysdag 17. mars
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp
Åtte deltakarar var med på vekespotte nr. 6. Det vart spelt 123 seriar med eit totalsnitt på 170.
TIDLEGARE VINNARAR:
Nr. 1: Tom Aasen (285), nr. 2: Olav Røyrvik (252), nr. 3: Brage Tellevik (282), nr. 4: Tore Tellevik og Frank Tangen (248), nr. 5: Gaute Øye Melstveit (246), nr. 6: Frank Tangen (269)