- Periode: onsdag 17. juni - tysdag 23. juni
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!
Olav Ludvig med 262 inkl. hcp.
Tysdag 23. juni
Ingen over men ein ved sida av denne runden også. Frode Stalheim og Olav Ludvig Haabrekke delte potte 21 solidiarisk mellom seg.
Sundag 21. juni
"Her kjem ei pottepåmelding" var sms'en frå Frode Stalheim og vip(p)s så var potta delt mydlo Stalheimen og Olav Ludvig. Både Martin og Trond brukte litt av dagen i bowlinghallen, men det var som sagt Frode som drog det lengste strået.
Fredag 19. juni
Martin var den einaste på potto i dag,. Også denne økta hadde vossingen eit høgt snitt sjølv om eit par seriar trekte han under 200 i totalsnitt. Men Olav Ludvig sin highscore klarte han ikkje.
Onsdag 17. juni
Ein god start med seks deltakarar første dag av potte 21. Kanskje dukkar det flerie opp etter kvart. Martin hadde ein særs god dag på Voss med 205 i snitt over 11 seriar. Kun 3 seriar under 200 er stabilt og godt spelt.
I Øystese var Olav Ludvig verkeleg på hugget i kveld. Han er den som ligg mest på minus på spelesaldoen og det har han tydelegvis tenkt å gjera noko med. Først løfta han potto til 256 med 212 i rein score, så avlsutta han med 218 på konkurranseprofilen til ESBC-turneringa i Roma. Så etter dag ein ligg vekespotto på 262.
Endeleg litt solskin igjen. Men me kastar ikkje inn håndkledet fordi om me får nokre solglytt på skrotten. Ny potte nr. 21 er klar for spel. Forrige runde vart vunne av Trond som no har to strake sigrar. At det er tidlegare vinnarar som vinn på ny og på ny er ikkje så rart så lenge potensielle kandidatar ikkje føler trong for å gå på potto.