Tysdag 2. juni
Ingen over og ingen ved sida av heiter det, men denne veka fekk vinnarane nokon ved sida av seg. For tredje gong vart vekespotto delt mellom to spelarar. Olav Ludvig vant si første potte medan Brage fekk sin andre pottesiger med pottescoren 273. Me gratulerer og gjer potte nr. 19 klar for vitjingar.
Måndag 1. juni
Ein roleg dag både på Voss og i Øystese. Det var klubbtrening i Øystese og stamgjestene var på plass, men ingen andre å sjå. På Voss var det berre Tom som sklei nokre få seriar. Ingen endringar i pottelista.
Sundag 31. mai
Det vart skikkeleg med omveltingar under månadscupen/klubbmeisterskapen i Øystese i dag. Fem nye deltakarar i potto pluss mykje bra spel gav spaning både i månadscup, klubbmeisterskap og vekespotto. Tom Aasen var den som stakk av med månadscupen hakket framom Brage, men det var Brage som fekk delt pottetopp med Olav Ludvig. Verkeleg ein del gode seriar i Øystese. På Voss var Martin einaste pottespelar, men han leverte til gjengjeld seriar nok for fire mann. Sjølv om han hadde rimeleg gode seriar vart det ikkje nok til å lukta på potto. Med to dagar igjen ligg pottetoppen på 273.
Fredag 29. mai
Til og med på Voss har det roa seg no. Berre Martin var standhaftig i dag og fekk levert 16 seriar nedover laminatet. No er det berre to dagar til klubbmeisterskap og månadscup, så då vert det vel ny rørsle i pottegjengen og kanskje Frode sin topp står for fall.
Onsdag 27. mai
Då var me i gang igjen. Fem pottespelarar registrert første dag må vera OK. Martin og Frode O spelte ei økt på Voss. Dei var særs jamne og ligg førebels på topp føre kvemmingane som hadde klubbtrening i kveld. Olav Ludvig er rimeleg gira og meinar at det snart må vera hans tur, men då må han nok løfta seg litt meir enn i kveld. Han gjorde jo eit bra forsøk på å ta forrige potte, men kom ni pinnar for kort.
Frode Stalheim sikra seg si første vekespotte i forrige runde med sterke 289. No er me i gang med vekespotte nr. 18. Blir det du som klatrar heilt til topps i denne runden? Kven veit, men du - ikkje spel nokre testseriar før du løyser billett, då risikerer du berre å fyre av DEN serien som ikkje vert teljande 😆
- Periode: onsdag 27. mai - tysdag 2. juni
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!