Trond med ny vekespottesiger.
Tysdag 16. juni
Heilt stilt på Voss og nokre spede forsøk i Øystese gav ikkje Trond konkurranse i det heile. Me gratulerer formspelaren i juni med nok ein siger.
Sundag 14. juni
Etter nokre fredelege dagar med regnet pøsande ned kika sola fram i dag, og då stilte sjølvsagt folket opp i bunkersen :). På Voss var Trond og Martin i gang og begge løfta seg frå sist. Det same gjrode Olav Ludvig i Øystese og Frank noterte sine første fem seriar denne veka.
Men det er Trond som har skaffa seg høgste scoren når me no går inn i dei to siste døgera for denne vekespotto. 242 i rein score gjev 257 m/hcp. Vil han gå back to back med pottesiger?
Onsdag 10. juni
Fem deltakarar i potto i dag; Martin, Frode S og Trond på Voss. I Øystese var Olav Ludvig i gang igjen og la seg på delt 2. plass, 18 pinnar bak Martin som har den beste noteringa førebels med 248 inkl. hcp. Frank går inn som støttemedlem grunna overtrening (lemping av kuler 🤣).
Me jubilerer igjen. Det er vekespotte nr. 20 som no er i gang. Som sagt så spelar me potteleiken så lenge det er deltakarar med. I diagrammet ser du alle pottesigrane til no med rein score + hcp. I tre av vekene er 300-grensa sprengt.
Me gratulerer Trond med siger i potte 19 og ynskjer alle lukke til i denne jubileumspotto.
- Periode: onsdag 10. juni - tysdag 16. juni
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!