Tysdag 03.03:
Olav Ludvig og Frank fyrte i gang frukostbowling for å prøva å senka Gaute frå toppen, men det vart berre blåfis. Olav Ludvig kom nærast med 238.
Så Gaute sikra seg potten på 450 kroner med pottos lågaste vinnarscore så langt. Me gratulerer ungdomen og ynskjer alle velkomne til ny vekespotte (nr. 6) som startar onsdag 4. mars.
Måndag 02.03:
Som sagt i forrige bulletin så ville ikkje måndagen bli den store rokeringsdagen, men Martin spelte nokre gode seriar sjølv om han frykta tørre forhold i kveldens bedriftskamp. Frode Oksnes sleit meir både i bedrifstkampen og frispelet i forkant. Olav Ludvig og Frank tok eit par oppvarmingsseriar før lokalligaturen til Kokstad. Men som sagt så var det heller lite rørsler på lista. I morgon er det siste dagen for vekespotto nr. 5 og det vil no vera snodig om den skal gå for 246...
Sundag 01.03:
På opningsdagen av vårmånaden mars meldte Martin Istad seg på vekespotto og sendte avgarde eit skrømeskot, men det vart 4 pinnar for kort til å lura Gaute. Frode Stalheim spelte også ein del seriar på Voss og løfta seg litt oppover lista, men ikkje høgt nok til å trua toppen. Dermed leiar Gaute framleis potto med makelege 246 når to dagar står igjen.
På Voss er det bedriftsseriar i morgon, men ifylgje Martin så har Mona lova tørre forhold, så der vert det nok tøft å scora høgt. Kvemmingane har to bortekampar i lokalligaen så heller ikkje her vert det noko særleg pottekamp.
Torsdag 26.02:
Gaute har vore i snopedisken og handla kuler og ville testa desse i kveld. Og ein kan trygt seia at både kulene og ungdomen bestod testen. 230 i snitt over fem seriar med 246 på det meste viser kor suveren og stabil han er på parketten. Olav Ludvig, Olav R og underteikna vart statistar sjølv om me også løfta oss litt frå gårsdagens spel. På Voss var det rimeleg stille, men Frode O spelte tre bedriftsseriar for Nedtur utan at det vart den store oppturen.
Onsdag 25.02:
Frodane trødde i gang den nye potto på Voss med eit par forsiktige seriar. På treninga i Øystese kasta alle fem seg med og Njål var den som klatra høgast med 228. Men ingen treng å verta aoskrømd etter dag ein. Håpar at fleire enn Frode Oksnes og Frode Stalheim løyser billett på Voss også.
INFO VEKESPOTTO NR. 5:
- Periode: onsdag 25/2 - tysdag 3/3
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgaste enkeltserien inkl. hcp
___________________________________
TIDLEGARE VINNARAR:
Nr. 1: Tom Aasen (285), nr. 2: Olav Røyrvik (252), nr. 3: Brage Tellevik (282), nr. 4: Tore Tellevik og Frank Tangen (248), nr. 5: Gaute Øye Melstveit (246)