Tysdag 26. mai
Me har vel hatt ein mistanke om det heile veka at Frode Stalheim sin kanonstart frå sist ondag ville halda heile vegen. Kjekt at det er ein som ikkje har vunne potto før som no har sikra seg den - og det ei flott potte til og med. Ni deltakarar i slutten av mai månad må seiast å vera særs bra.
No går me inn i ei potte som skiftar mellom mai og juni. I denne perioden vert det klubbmeisterskap og månadscup i Øystese, så forhåpenlegvis får me ein del pottetrengte i denne utgåva også.
Måndag 25. mai
Ingen pottebesøk på Voss i dag, men i Øystese vart det gjort mange forsøk. Gaute fekk pottespelarane med på ulike treningsopplegg som både minibowling og spissing av presisjon. Men det vart også høve til å fylla på pottespelet. Gaute vart også med i denne utgåva og opna litt forsiktig, men løfta seg etter kvart og avslutta med 246. Den som kom nirrast Frode S i kveld var igjen Olav Ludvig som spelte 225 i rein score, men det vart 9 pinnar for snaut. I går var strandebermingen 19 pinnar ifrå, så det kjem seg. Men det minkar også på dagane, no er det berre morgondagen igjen før denne er parkert og ei ny potte kjem på bana.
Sundag 24. mai
Olav Ludvig og Frank med litt pinsespel i kveld. Mykje bra speling og Olav Ludvig med ein solid serie som løfta han opp til andreplass i vekespotto, men det var 19 pinnar for lite til å trua Frode sin solide 289. Vossingane ser ut til å ha tatt ut det meste under fredagens bedriftsavslutning. Martin spelte ein del bra seriar i dag, men han er ikkje med i denne vekespotto. I morgon vert det trening og nye forsøk i Øystese. Kanskje har vossingane vakna opp igjen óg?
Fredag 22. mai
I kveld har vossingane finalespel i bedriftsligaane med påfylgjande sosialkveld. Må seia at eg er litt misunneleg på det engasjementet vossingane har opp mot bedriftsspelet sitt. Korleis det har gått i bedriftsseriane og kven som ev. har vunne har eg ikkje tråden i, men i skrivande stund er det rundt 40 bedriftsspelar fordelt på 8 banar. Sjølve finalane trur eg var ferdige for to timar sidan. Kjekt også at endå to vossingar har løyst billett i denne potteutgåva. Trond Johansen gjorde eit bra forsøk, men Frode Stalheim held han førebels på avstand. Ynskjer velkomen til pottedebutant Jarle Skjelde.
Onsdag 20. mai:
Storveges at så mange tar del i vekespotto når mai-månaden snart bikkar. Det er ein trufast skare som har funne ut at det å vippsa den femtilappen ein gong i veka set ein ekstra spiss på treningane.
På Voss var Tom og Frode S i aksjon og dei leverte bra, Tom ligg som nr. 3 og Frode S toppar vekespotto etter første dag. I Øystese var det dei same fire som er på dei fleste treningane. Olav Ludvig kilte seg inn mellom dei to vossingane på topp med Frank, Frode O og Olav R halsande etter. Alle spelarane godt over 200 inkl. hcp.
No vert det nokre rolege dagar i Øystese fram mot måndagstreninga. Det merkast at me er inne i årets vakraste tid. Ein bunkers med kuletrillande nerdar er nok ikkje det som freistar ålmenta mest akkurat no. Men plutseleg er drittvêret på plass og kjeglene står igjen utrygt.
Info og hcp om denne potteutgåva finn du ved å utvida faktaboksen over her.
- Periode: onsdag 20. - tysdag 26. mai
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!