Tysdag 7. april:
Brage og Tore hadde ei økt i hallen i Øystese, men ingen av dei nådde over det dei hadde frå før. Dermed gjekk vekespotto nr. 10 til Frode Oksnes med maksscoren 300 (259 i rein score). Me gratulerer!
Måndag 6. april:
Ikkje så mange i aksjon i dag, men store omveltingar i toppen. Først samla Tore flokken sin og hadde ei hyggeleg stund i hallen. Kjekt å sjå at Sindre framleis har det inne, men det var ikkje han som fekk dei store overskriftene. Før familiekosen var Tore på topp i vekespotto med 275. Brage brukte dagen godt og sette ny pers med 221 i rein score og løfta potto til 289. Tenker han var rimeleg trygg på at det skulle halda heilt inn.
Men Frode Oksnes ville det annleis. Han tinga plass på treninga i Øystese og sleit skikkeleg med å finna ut av spelet. Men når det først losna så losna det skikkeleg. Han sette også ny pers i kveld med 259 i rein score og 308 med hcp. No stoppar pottepila på 300, så det er den nye utfordringa når det står ein dag igjen. Frode sette også ein såkalla falsk 300-serie med 12 strike på rappen, men fordelt over to seriar.
Sundag 5. april:
Martin gjorde nokre gode forsøk på Voss i dag. Han passerte Tellevik junior, men kom 18 pinnar for kort til Tore. Litt merkeleg at det nesten berre er tidlegare vinnarar som har kasta seg med på potto denne veka. Dei som har vunne potto får ekstra trekk i hcp for nettopp å unngå at dei same vinn fleire gonger, men viss det berre er vinnarar med, så må det jo bli multisigrar. Kanskje fleire kastar seg med på morgondagens trening i Øystese?
Fredag 3. april:
I kveld var det "freddan" i hallen i Øystese. Fire tidlegare vinnarar av vekespotto stilte opp og leverte rimeleg bra score. Tore og Brage heiv seg med på potte nr. 10 og Brage var frekk nok til å løfta scoren til 253 allereie i serie to. Men Tellevik senior trossa sterkt redusert hcp og leverte ein 255-serie i rein score. Sjølv om han har mista ein god del hcp etter forrige pottesiger så var det 20 igjen. Dermed er den nye vekestoppen på 275.
Slett ikkje sikker på om den scoren held heile vegen, men ei fin utfordring er det jo. Har ikkje høyrt eit knyst frå Voss, så der går det sikkert berre i påskebowling.
Torsdag 2. april:
Ingen aktivitet i Øystese, men Martin skviste seg inn mellom alle påskegjestene og la inn nokre seriar på Voss. Olav held ein makeleg vekestopp så langt på 243.
Onsdag 1. april:
Det var rolege tilstandar på treninga i Øystese i kveld. Lokalligalaget vårt spelte ein walk over-kamp mot Fyllingen, medan underteikna kylte nokre kuler nedover parketten. Har heller ikkje høyrt noko frå Voss så eg reknar med at det er fullt opp av påskegjester hjå Mona.
Eg får sitera Frode Oksnes under månadscupen sundag. "Bli med på potto folkens, det kostar jo ikkje meir enn ein sjokolade!"
No skal det seiast at det med sjokoladeprisen vart eit diskusjonstema då butikkane no har påsketilbod på sjokolade :D
Vel, vel... me fyrer i gang potte 10 og prisen er den same om det er påske eller ikkje; kr. 50 for ei heil veke med moro. Oppstart onsdag og avslutning tysdag. Den med den høgste enkeltserien inkl. hcp i perioden stikk av med potto.
FAKTA:
- Periode: onsdag 1. - tysdag 7. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maks 300!