Tysdag 19. mai:
Ingen pottespelarar å sjå i dei to hallane i dag. Frode og Frank rusla med det forsiktig inn i sine 3. og 4. sigrar i vekespotto si fire månaders levetid. Det er jo kjekt og triveleg å byta penger, men det hadde vore litt meir spenst i det om fleire tok del i potto. Ny potte er opna (Potte 17) og klar for aktivitet.
Måndag 18. mai:
Vel overstått 17. mai folkens! Me er komen til dagen derpå og det var aktivitetar både her og der. På Voss var det speling i to økter, først var Frode Stalheim og Frode Oksnes i aksjon på dagtid før begge to pluss Martin Istad spelte siste runde i bedriftsligaen uti kveldinga. Slett ikkje høg score verken morgon eller kveld og det var det heller ikkje i Øystese der Olav Røyrvik, Olav Ludvig og underteikna fekk prøvd seg på eit treningsprogram instruert av Gaute.
Då er det berre ein dag igjen av denne potto og som sagt så er den særs overkomeleg...
Sundag 17. mai:
Ingen bowling på grunnlovsdagen verken på Voss eller i Kvam. Det ser faktisk ut til at vekespotto kan gå ut med den nest lågaste scoren nokosinne viss ikkje det tar av i morgondagens trening. Litt usikker, men eg lurar på om ikkje det er siste runde med bedriftsspeling på Voss i morgon, så kanskje og forhåpentlegvis vert potto løfta litt.
Laurdag 16. mai:
Ingen pottespel verken på Voss eller i Øystese. Personleg har eg nytta dagen på terassen og kvelden til å pussa på desse sidene. Strukturen på sidene byrjar ta form og eg har lagt inn bilete av alle vinnarane på dei relaterte sidene. Nettsidene til google-sites er noko meir fleksible enn dei NBF tilbyr.
Fredag 15. mai:
Martin, Frode S og Frode O var i aktivitet på Voss i dag. Martin spelte eit drøss med seriar, men klarte ikkje å løfta potto. Frodane tok det litt rolegare, men heller ikkje dei fekk stjerner i blikket. I Øystese var det tyst.
Torsdag 14. mai:
I dag var det litt forsiktig speling både på Voss og i Øystese. Lite "lemping", men Frode O spelte tre seriar på Voss og Olavane pluss meg slengte nokre rundar i Øystese.
Onsdag 13. mai:
Etter første dag er det deling på topp i vekespotto og særs likt mellom alle deltakarane. Martin og Frode S spelte sine seriar på Voss tidlegare i dag medan Frode O, Olav R og Frank brukte kveldens klubbtrening i Øystese.
- Periode: onsdag 13. - tysdag 19. mai
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!