På denne plattformen vil du finne masse tull og tøys. Ein del usaklege kommentarar, men også forhåpentlegvis ein del fornuftige ting. Sida er oppretta for at mine eskapader ikkje skal tas til inntekt som Kvam bowlingklubb sine meiningar. Eg renn over av idear og har eit sterkt engasjement for bowling som idrett. Ser dog at eg stadig vert meir og meir einsam - og då snakkar eg ikkje om alle som har forlatt reiret mitt, men om interessa generelt for aktiv bowling.
På Voss er det tre divisjonar med bedriftsspeling; 1. og 2. divisjon vert spelt måndagskveldane medan Sosialligaen går torsdagskveldane. Vossingane har nok eigne sider som viser stoda, men eg tenker det kan vera kjekt for oss andre å fylgja med så eg har oppretta menyval og sider for desse kampane.
Under menyvalet Innimydlo finn du referat og resultat frå turneringar/kampar, personlege ytringar og anna stoff eg meinar kan vera av interesse.
Så har eg oppretta eit menyval som er sjølvforklarande: Turneringskalender er akkurat det - presentasjon av ulike framtidige turneringar med plakatar, prisar og info.
Neste prosjekt i mitt hovud er ein månadskamp med tre seriar som eg kallar Kvarten. Prisen vert som med potto; kr. 50 og heile potten går til vinnar(ane). Byrjar 1. august og arena vert førebels som i vekespotto; hallane i Øystese og på Voss.
Menyvalet Vekespotto viser eit halvår med kamp om den høgste enkeltserien kvar veke. Vekespotto gjekk i 25 rundar før eg sette den på hylla.