KuleFolk gjekk på ein ny smell mot Voss Bowling i kveld. Dei andre to kampane er kveldskampar og på papiret kan kampen mellom Opptur og Staalving Sr. bli ein jamn batalje. Sylvsmidja har surfa på topp heile sesongen, men kanskje Staalving Jr kan koma med ei overrasking? Dei vant førsteserien etter eit jamt lagspel med Erlend i front. Også i serie 3 spelte laget ganske jamt, men der kom Staalving 4 pinnar for kort. I serie 3 var jernbanen igjen på banen. Med 472 mot Sylvsmidja sine 446 enda kampen med 3-1 i favør av Staalving Jr. Den siste kampen mellom Opptur og Staalving Sr vart det heile 4-0 til Staalving Sr. Kampen var ikkje heilt einvegskøyring, men heile tida litt overvekt til Staalving. Bestemann totalt var Trond på Sylvsmidja med 184 i snitt over tre seriar.
I neste runde kan kanskje dei kule henta sitt første poeng når dei skal opp mot Opptur som ligg på plassen over, men det er eit stykke snittmessig mellom laga, så KuleFolk lyt nok ha ein god dag. Elles vert det internt oppgjer mellom Staalving junior og senior. Der er nok juniorane knepne favorittar, spesielt etter dagens overbevisande prestasjon. Synd at ikkje dei stilte lag i forrige runde. I siste kampen mellom Voss Bowling og Sylvsmidja er Sylvsmidja favoritt, men kanskje bowlinggjengen også kan plukka poeng frå topplaget?
Stålving junior stilte ikkje til kveldens kamp, så Voss Bowling fekk 4 poeng på walk over. Elles så plukka Opptur 1 poeng av Sylvsmidja. Jan karra seg opp til 200-streken i den serien og var sterkt medvirkande til poenget. Neste enkeltscoren totalt var det Martin som stod for med 574. KuleFolk ventar framleis på å opna poengkontoen.
I kveldens runde i 1. divisjon var Sylvsmidja einaste laget med full pott. KuleFolk vart knust og laga står i kvar sin ende av tabellen etter to rundar. I dei to andre kampane vart det siger 3-1 til Voss bowling mot Stålving Sr og 3-1 til Stålving Jr mot Opptur. Kveldens toppscore var det Vegard frå Stålving Jr som stod for med 225 i opningsserien. Martin var igjen den med beste snittet med 181 over tre seriar, men Ørjan frå Stålving Jr. kom hakk i hel med 178.
Måndag 7. september kl. 22:00
Ein (1) pinne skilte dei to stålvinglaga i opningsserien i kveld. I serie 2 starta juniorane bra med kvar sin dobbelstrike på Ørjan M og Vegard, men veteranane gav ikkje ved dørene og spelte særs jamt og plukka poenget i serie 2 også, no med 15 pinnars margin. I avslutningsserien spelte Stålving Sr sin beste serie og atter ein gong var det jamnheita som avgjorde. Så 4-0 til veteranane i ein rimeleg jamn kamp.
I dei to siste kampane enda det også med full pott til bortelaga. Mykje bra speling på dei ulike laga. Sylvsmidja hadde den sterkaste lagscoren av alle med 173 i snitt, Martin toppa singelscoren med 195 i snitt med Frode O på andreplass med 183.