Ein start = 3 seriar
Ubegrensa tal startar
Kr. 50 per start (vipps til 41573625)
I tillegg må spelar betala baneleige til hallen
All inntekt går til premiar (1/8)
Ved lik score vil den med minst hcp bli rangert først
Kvam og Voss bowlinghallar
Ingen lisenskrav
Min. 18 år
1. - 31. oktober
Hcp: Diff. mellom spelar sitt snitt og 200 (sjå liste under her - der står total hcp for 3 seriar).
Merknad:
Du kan spela ein start når som helst i perioden. Før du startar vippsar du og sender ein sms til 41573625, så hentar eg ut resultatet ditt via livescore (Lanetalk) i etterkant.
Måndag 12. oktober kl 22:50
Olav Ludvig var einaste aktøren av potensielt 40 kvamma- og vossaspelarar i kveldens bedrifts- og lokalligarunder, så Frank sine turneringssprell går nok mot ein ende. Men kva så med Olav Ludvig, fekk han det til? Nei, diverre vart det ein elendig start som øydela, men dei to siste seriane var bra - berre ikkje bra nok til å retta opp feilen frå serie 1.
Onsdag 7. oktober kl 16:40
Martin gjorde eit forsøk på Voss i dag, men det virkar å vera utfordrande forhold på Vangen. Uansett så var starten parkert med 158 allereie i førsteserien. Men hr. Istad skal ha for forsøket, og plutseleg er godstarten der 👍
Måndag 5. oktober kl 21:30
Tore hoppa på quarten under kveldens klubbtrening i Øystese. Ein bra start på 198 vart øydelagt med 156 i serie 2, men han kjem nok sterkare attende. Og så er det jo som vår kjære formann Terje sa: du er i alle fall på lista 😂
Sundag 4. oktober kl 20:00
Vossingane som gjesta oss i Hardangercideren i dag var noko pysete og hadde dårleg tru på seg sjølve, så dei valgte å ikkje spela oktoberkvarten. Hadde dei kasta seg med og brukt dei tre siste seriane, hadde Tom fått 624, Trond hadde fått 653 medan Martin hadde stått med 731! Min tidlegare makker på mange bowlingarenaer; Ove Fonn, hadde notert 676 på dagens siste tre seriar.
Men kvemmingane lot det stå til og både Olav, Olav Ludvig og eg kombinerte dagens sider med quart. Olavane fekk ikkje løfta seg heilt opp i skyene, men for meg vart det vel såpass bra at når ikkje vossingane våga seg frampå før spelet mitt i dag, så kjem dei vel ikkje på bana etterpå heller. Så kanskje vert dette den siste quarten eg arrangerer.
- Maksscore: 705 (Frank)
Fredag 2. oktober kl. 23:00
Fire spelarar kombinerte puljespel i Hardangercideren med start i den rykande ferske oktoberkvarten. Alle valgte å gå på frå start i staden for å ta dei tre siste av dei fire seriane Hardangercideren har. Olav Røyrvik var litt i stuss, men gjekk for den han også. Tenker han angrar bittelitt på den då førsteserien hans var på 140 medan sisteserien (som ikkje vart teljande) var på 174. Dei 34 pinnane ville sendt han heilt til topps 🤣. Men eg reknar med at scoren vil koma betrakteleg høgare enn dei 664 som eg no står inne med.
- Maksscore: 664 (Frank)
Det er haust og våre medskapningar lever utrygt både i hav og på land. Hummarsesongen starta 1. oktober og hjortedyra har allereie fått merka at jaktsesongen er i gang.
For dei som driv med klinkekuler er det også fullt kjør. Liga- og bedriftsspelet har starta opp og turneringa Hardangercideren durer i veg dei første dagane i oktober.
Så har me Quarten. No har denne lanetalk-varianten gått både august og september med 11 og 12 deltakarar. Underteikna vart vinnar av augustutgåva medan Gaute knuste all motstand i september. Kven som stikk av med oktoberkvarten får me svar på om ein månad. Bli med på leiken, så kanskje du får smaka steiken. Kr. 50 for ein start på 3 seriar har du råd til, - og kanskje fleire startar med. Men hugs å betala halleigaren for spelet i tillegg.