31. august 2026 kl 2230
Historias første kvartturnering vart vunne av opphavsmannen. Mange gode startar vart spelt av dei elleve deltakarane og det var rimeleg tett nedover lista. Underteikna sin 300-serie halvvegs i månaden gjorde veg i vellinga og scoren på 706 heldt heilt inn. Med såpass mange deltakarar vart det også premie på Olav Røyrvik på andreplass. Takkar deltakarane for kampen og ynskjer alle velkomne inn til septemberkvarten med blanke ark og nypussa kuler.
30. august 2026 kl 2030
I kveld var det månadscup i Øystese. Totalt stilte det åtte spelarar til kamp. Fleire rimeleg langvegsfarande. Tom Aasen har jo vunne dei to siste månadscupane, men sjølv med redusert handicap så lurte han seg til endå ein siger. Heile seks stk. av det åttemanns sterke laget spelte ein start i augustkvarten. To av desse var debutantar på arenaen. Etter to seriar såg det ut til at Tom skulle kasta seg med i tetstriden i kvarten også, men ein elendig tredjeserie øydela for han.
No er det berre ein dag igjen av augustutgåva av kvarten, så dei som vil sikra seg den rimeleg fine potten må vera om seg. Tysdag overtar septemberkvarten arenaen så då er det blanke ark og alt det der. Litt justeringar i hcp-listene vil det også bli. Og så får me håpa at vossingane etter kvart kjem i gang med treningar og ligaspel.
26. august 2026 kl 2200
I kveld var det attende til treningane slik dei var stort sett heile forrige sesong. Olavane og meg. Men i tillegg var Gaute på plass for å testa ut ymest. Og testen hans fungerte særs bra. Han spelte som ein proff og skrotten såg ut til å trivast. Han valgte å ikkje spela start i augustkvarten og heller venta på blanke ark i septemberkvarten. Men spelet han leverte i kveld ville sendt han rett opp på premiebordet.
Ein som sikkert er nøgd med dette valet er Olav som ligg på siste premieplass. Både han og Olav Ludvig spelte kvar sin start i kveld, men det vart ingen høydare på nokon av dei. No er det månadscup sundag så kanskje nokon av deltakarane kombinerer spelet med ein start i kvarten?
24. august 2026 kl 22:30
Skrømande stilt på Voss for tida. Dårleg deltaking på klubbtreninga og etter det eg forstår er det litt utfordringar med å sy saman laga i bedriftsserien. Me får tru og håpa at det berre er etterdønningane av sommarferien som er årsaka og at aktiviteten tek seg opp etter kvart. No vert det månadscup 13. september, så kanskje det hjelper. Av dei som har kome i gang ser eg at Arvid Rykkje(?) verkeleg har tatt steg sidan sist. Handicapen hans i kvarten må tydelegvis opp til revurdering før septemberutgåva vert trødd i gang. Konkurentane synest nok at det er heilt greit at ikkje han har kasta seg med i kvarten endå.
I Øystese var det bra med folk på måndagstreninga, men berre Tore la innpå ein start i kvarten. Han opna bra med 201 og 208, men med berre 66 i hcp måtte han hatt minst 206 som avslutning for å nå opp i premiebordet. Det enda med ein 163-serie og totalt 638 inkl. hcp som løfta han oppover lista, men 43 pinnar for lite til å trua OLav. Solid sparespel med berre ein miss på tre seriar er imponerande. Tore avslutta med ein 205-serie etter at kvarten var ferdigspelt, så karen er i rute til sesongstart.
20. august 2026 kl 10:00
Tre nye startar på onsdagstreninga i Øystese. Olav Ludvig, formann Terje og Olav Røyrvik gjorde kvart sitt forsøk på å løfta augusttoppen, men det vart for mange splitt og sparemiss. Olav R fekk dog registrert sin beste serie på krittavla som sesongtopp i kategorien banepar på bane 3 og 4 med 178 i score.
17. august 2026 kl 21:00
Ikkje mykje rørsle i kvarten for tida. Ser ut til at folket vart skrømt av 300-serien. Men berre for å illustrera at det er langt ifrå umogeleg å forbetra toppen, tar eg med Dag sine to seriar i kveldens trening. Med 356 i rein score (181 og 175) trong han berre 210 i ein ev. siste serie for å setja ny augusttopp. Men det var viss, dersom om og men. Ikkje spelte han tre seriar og ikkje deltok han i tevlinga.
12. august 2026 kl 21:30
Også i kveld var det rimeleg bra med folk på treninga i Øystese. Atle debuterte i augustkvarten og gjorde at også nr. 2 kom på premiebordet, medan Olav Ludvig, Olav og Frank fylte på med nye gjenstartar. Atle hadde eit par ok oppvarmingsrundar, men når alvoret meldte seg forsvant også poengsummane. Med 578 inkl. hcp sneik han seg forbi Gaute. Olav Ludvig fekk bra med strike på sine tre seriar, men fem miss på tiarkjegla øydela ein del. Men 540 i rein score er absolutt godkjent sjølv om han kom 6 pinnar for kort i høve Røyrviken.
Som overskrifta indikerer så vart det spelt ein 300-serie i kveld. Underteikna opna forsiktig med to enkle sparemiss, ein splitt og 172 i serie 1. Så kom strikerekka - 12 stk på rad og 300-serien var i boks. I sisteserien vart det splitt i rute 2 og 3 og det såg skummelt ut i og med at eg måtte ha 188 for å passera Olav, men med fem på rad og 213 i score var ny bestenotering på 706 inkl. hcp i augustkvarten fiksa.
- Maksscore: 706 (Frank)
10. august 2026 kl 21:45
Jaggu er det håp i hengande snøre. Og då snakkar eg ikkje om kvarten, men om klubbtreninga i Øystese i kveld. Åtte medlemer var på plass for å børsta støvet av kulene. Eg kan ikkje erindra når me var så mange på trening. Utruleg kjekt. Og seks av åtte valgte å spela kvar sin start i Augustkvarten. Mykje bra speling i kveld og det var fleire som prøvde å vippa Martin ned frå trona. Den som tilslutt klarte det var Olav R. Han opna roleg med 156, la så på til 166 i serie 2 før han avslutta med solide 224. Med 546 i rein score enda han opp med 681 inkl. hcp.
- Maksscore: 681 (Olav)
9. august 2026 kl 13:30
Ingen nye startar så langt i dag. Ser dog at fleire spelarar er attende på parketten på Voss etter sommarferien. Nokre av dei med solid score. Til dømes ville Arvid Rykkje sine siste tre seriar ha toppa augustkvarten med 745 inkl hcp.
Me får håpa og tru at både vossingar og kvemmingar, som no tørkar sommarregnet ut av augekrokjen, finn kvarten interessant og kastar seg med i turneringa.
5. august 2026 kl 21:30
Kjekt å sjå så mange på kveldens trening - og dei fleste av dei spelte startar i Augustkvarten. Martin tok turen frå Voss for å sjå om banane i Øystese gav betre respons, og det kan ein trygt seia at dei gjorde. Me olja med High Street i kveld. Det er ein 44 fots profil som me har brukt ein del tidlegare. Den viste seg å vera glatt dei første seriane, men tørka ganske raskt opp.
Gaute og Frank tjuvstarta kvelden på bane 4, men ingen av oss fekk dreisen på spelet. Etter kvart kom Martin innom og spelte ein oppvarmingsrunde på bane 3. Med 236 på oppvarminga var han klar for sin 4. start for dagen. Det gode spelet fortsatte med 207, 190 og 222: totalt 619 i rein score og ny toppnotering i turneringa med 670 inkl. hcp.
Røyrviken kom inn i hallen tidsnok til å få med seg at Martin velta han ned frå taburetten. Dermed kasta han seg med på ein ny start for å prøva å henta Martin inn igjen, men vossingen heldt stand. Olav Ludvig og Håkon kom også innom og spelte kvar sin start, men ingen av dei fekk anna enn splittar ut av forsøket. Når startane var over og frispelet i gang så kom også scoren for fleire av spelarane.
- Maksscore: 670 (Martin)
5. august 2026 kl 13:00
Igjen kom Martin kvemmingane i forkjøpet. Han løfta scoren sin i dag, men ikkje nok til å skvisa Olav vekk frå toppen. Ein litt roleg førsteserie på 163 gjorde det vanskeleg. I serie 2 varta han opp med 7 strike, men også 2 splittar som gav 201. I sisteserien var strikelinja sporlaust forsvunne, men splittane hang igjen. Sjølv om han takla den eine splitten vart det moderate 174 og 538 i rein score. Fem pinnar forbetring frå 1. starten.
Men Martin gav seg ikkje så lett. Hans tredje og fjerde start i turneringa vart spelt på Voss, men det ville seg ikkje. I den fjerde starten vart det ein OK førsteserie på 188 som vart fulgt opp av 177 og 174. Totalt 539 og ein pinne forbetring, men laaangt frå der han ynskjer å vera.
3. august 2026 kl 22:00
På kveldstreninga i Øystese meldte Olav Ludvig, Olav Røyrvik og eg oss på Kvarten. Røyrviken viste seg å vera i bra slag, så han løfta toppscoren til 654 inkl hcp i tillegg til at han fekk ny bestenotering på bane 4 for sesongen. Sjølv med den solide starten la Olav ein 50-lapp til i potten for ein gjenstart (reentry) som også var bra, men den stoppa på 646. Formann Terje var også på treninga, men valgte å ikkje spela turnering. Han spelte 533 i rein score på sine tre siste seriar - det ville gitt 668 i Augustkvarten 🤣
- Maksscore: 654 (Olav)
3. august 2026 kl 13:00
Martin Istad fekk det ærefulle oppdraget med å kveikja elden i Kvarten, - denne månaden kalla for Augustkvarten. Martin var litt forsiktig på sin første start, truleg for ikkje å skrøma deg og meg vekk allereie i opninga.
Det er 28 dagar igjen og eit hav av spelarar som har mykje hcp å briefa med, så det er usikkert om Olav sin start held ut månaden. Men ei fin utfordring er det og vert det fleire enn 8 deltakarar så er det premie til nr. 2 også. Premiefordelinga (all inntekt går ut til premiering) står i kolonne 1 i tabellen over her.
Laurdag 1. august opnar Frank sitt nye påfunn Kvarten. Det er ei turnering som kan spelast i Øystese og/eller på Voss. Tanken først var å ha 4 seriar - derav namnet kvarten, men etter tips frå Gaute så har eg endra det til 3 seriar. Dermed kan turneringa kombinerast med bedriftsspelet på Voss som har 3 seriar og veterankampane i Kvam som også består av 3 seriar. Som du skjønar så kan denne turneringa kombinerast med anna spel anten det er ligaspel, trening eller andre turneringar (månadscup m.m.).
Turneringa varar heile månaden og det er mogeleg å spela det som vert kalla reentry eller gjenstartar. Det vil seia at ein startar med blanke ark og spelar nye tre seriar i turneringa. Den beste starten vert teljande, men du kan ikkje kombinera startane, t.d. 1 serie frå ein start med 2 frå ein anna start. Det kostar kr. 50 for kvar start du vil ha anten det er første starten eller gjenstart og betaling vert gjort på vipps til 41573625.
Påmeldingsavgifta dekker berre turneringa, så leige av banar må betalast til halleigar. Heile påmeldingsavgifta går ut til premiering og det er 1/8 av deltkarane som får premie.
Denne sida vert oppdatert kvar dag nokon spelar turneringsseriar.
Ein start = 3 seriar
Ubegrensa tal startar
Kr. 50 per start (vipps til 41573625)
I tillegg må spelar betala baneleige til hallen
All inntekt går til premiar (1/8)
Ved lik score vil den med minst hcp bli rangert først
Kvam og Voss bowlinghallar
Ingen lisenskrav
Min. 18 år
1. - 31. august
Hcp: Diff. mellom spelar sitt snitt og 200 (sjå under). Lista viser hcp per start (3 seriar).
Merknad:
Du kan spela ein start når som helst i perioden. Før du startar vippsar du og sender ein sms til 41573625, så hentar eg ut resultatet ditt via livescore (Lanetalk) i etterkant.