Torsdag 17. sept. kl 18-20: Makalaus - Nedtur og Bulken Bowlers - Johnstad maskin
Første halvdel av kveldens sosialserie var Makalus heime mot Nedtur og Bulken bowlers mot Johnstad Maskin. I den første kampen var det rimeleg jamnspelt og laga såg ut til å dela poenga søsterleg mellom seg. Nedtur var i utgangspunktet favoritt, men med ein forsiktig førsteserie inviterte dei damene på Makalaus med på festen, - og dei var ikkje vanskelege å be. I serie 2 syntes Nedtur tydelegvis at dei hadde gitt frå seg nok og gira opp. Dermed ville sisteserien avgjera om det skulle bli poengdeling eller ei. Og den serien vart skikkelesg jamn. Alle på Nedtur laga holrute i rute ni medan Makalaus-damene fekk spare i si niarrute. I rute ti hagla det med splittar over både damer og menn og Nedtur plukka sisteserien med 9 pinnars margin og vant kampen 3-1.
I kampen mellom Bulken bowlers og Johnstad maskin var det aldri tvil om kvar poenga ville hamna. Med Hans Erik som frontspiss vart det klare settsigrar og 4-0 til bulkengjengen.
Torsdag 17. sept. kl 20-22: BanNor - Voss DPS og Active Bits Of Norway - TømmerMenn
I del 2 av dagens sosialserie er det BaneNor som tar imot Voss DPS. Der er nok BaneNor store favorittar. I den andre kampen møtes Active Bits of Norway og TømmerMenn. Basert på dei to spelte rundane vil TømmerMenn vera favoritt, men dei har fått bra betalt så langt utan den heilt store scoren. ABoN ligg heilt nederst, men dei har plukka meir pinnar (score) enn tre av sine motstandarar så kanskje ikkje kampen er så klar som tabellen skulle tyda på likevel.
ABoN kom 14 pinnar for kort opp mot hogstgutta i serie 1, så det vart som sagt jamnare enn tabellen skulle tilseia. BaneNor hadde noko større margin ned til Voss DPS og dei to første poenga gjekk til førahandsfavorittane. I serie 2 spelte ABoN nøyaktig same score som i 1., men no hadde TømmerMenn skrudd inn sikte. I siste serien fekk Active Bits of Norway hevn for det knepne tapet i serie 1 når dei no sikra seg eitt poeng med 6 pinnars margin. BaneNor cruisa vidare i sin poengjakt som enda med full pott for kvelden.
Då er me i gang med andre runden i sosialserien på Voss. Kampane i dag er Nedtur mot Johnstad maskin og BaneNor mot Tømmermenn kl 18. Klokka 20 startar kampane mellom Voss Dps og laget med det lange namnet Best bit of active eller Best bits of Norway - alt ettersom samt Makalaus mot Bulken bowlers. Toppkampen denne runden er mellom BaneNor og Tømmermenn som begge står med 4 poeng etter den første runden.
Torsdag 10. sept. kl 18-20: Nedtur - Johnstad maskin og BaneNor - Tømmermenn
Det vart ein retteleg tøff start for nesten alle spelarane. Etter tre ruter i dei to kampane var det 26 holruter av totalt 36 ruter! Einaste med bonus på alle tre var Morten på Nedtur, men han ordna holrutene i dei to neste kasta.
Etter kvart så vart det både spare og strike på spelarane og det første delmålet på 100 pinnar vart plukka opp av nesten alle spelarane. I kampen mellom Nedtur og Johnstad maskin fekk Nedtur det første poenget med god margin. I toppkampen tok Tømmermenn første poenget med 9 pinnars margin ned til BaneNor.
I forrige runde så scora BaneNor nesten 200 pinnar meir enn Tømmermenn og ut frå det resultatet så stilte BaneNor som favorittar i kveld, men Tømmermenn ville det annleis. Kim E gjekk heilt bananas med strikespelet og med sin 177-serie kneip dei poenget i serie 2 frå BaneNor med ein (1) pinne. Også i kampen mellom Nedtur og Johnstad maskin har spelarane løfta seg. Scoren har auka for begge laga, men avstanden mellom laga har berre auka i og med at Nedtur har gjort det støste løftet.
Heller ikkje i siste serien klarte Johnstad maskin å hamla opp med Nedtur. Begge laga roa seg ned, men avstanden mellom laga var like stor. Dermed vart det full pott for Nedtur i denne runden og dei klatra oppover tabellen med meir enn 100 pinnars auke frå den skuffande opningsrunden sist torsdag. I kampen mellom BaneNor og Tømmermenn vart det like neglebitande som i andreserien. Kim var ankermann hjå Tømmermenn og måtte ha ein dobbelstrike i rute 10 for å sikre hogstmennene full pott mot BaneNor. Og jaggu gjorde han det. Så sisteserien gjekk til Tømmermenn med 5 pinnars margin, andreserien med 1 pinne og totalen med 16 pinnar og 4-0 var i boks.
Torsdag 10. sept. kl. 20 - 22: Voss Dps - Active bits of Norway og Makalaus - Bulken bowlers
I del to av sosialligaen hadde både Voss Dps og Active bits of Norway ein jobb å gjera for å plukka sine første poeng, og minst eit av laga ville få poeng sidan dei møttest i kveld. Ut frå forrige runde ville den andre kampen mellom Makalaus og Bulken bowlers gå i favør av Bulken bowlers og i opningsserien vart det heller ingen overraskingar. Bulken tok det første poenget med rimeleg god margin med Hans Erik framleis i godt slag. I kampen mellom dei poenglause var det særs jamt i serie 1. Det stod heilt likt mellom laga når dei to ankermennene entra tiarruta. Torbjørn på Voss Dps sette ein niar, men missa sparen medan Derek sette ein strike for Active Bits of Norway og med bonusen der sikra dei seg det første poenget.
Bulken bowlers tok eit kviletak i serie 2 og Makalaus klatra heilt opp i ryggen på Bulken-gjengen, men klarte ikkje heilt å karra seg forbi, så nok eit poeng til Bulken og 2-0 i sett. I den andre kampen mellom Voss Dps og ABoN var det heimelaget sin tur til å henta poeng. Rimeleg jamn denne serien også, og endeleg var smultringen rydda vekk for Dps.
Det vart favorittsiger 4-0 til Bulken bowlers over Makalaus. Dei makalause jentene løfta dog lagscoren sin med nesten 100 pinnar frå runde 1. Bulken slapp seg ned rundt 40 pinnar og det var stort sett Hans Erik som hadde ein litt rolegare kveld. Likevel vart han bestemann for kvelden med eit snitt på 160, Kim og Frode hadde 152, men Kim med ein pinne meir enn Frode totalt. I den siste kampen var det styggjamt heilt ut. Det stod 1-1 før sisteserien og begge laga kunne fort vinna 3-1. Begge laga spelte sin beste serie for kvelden og det vart heimelaget Voss Dps som fekk både sisteserien og totalen med seg.
Det vart ein kusande siger til TømmerMenn over Voss DPS medan det var styggeleg jamt mellom Johnstad Maskin og Makalaus i opningsrunden av årets sosialserie. Ein solid sisteserie av Marcus gjorde veg i vellinga for maskingutta.
Nedtur mot Bulken bowlers og Active Bits Of Norway mot BaneNor var dei to siste kampane i kveld. Der var det klassespel av Hans Erik Bjerkelund som styrte Bulken bowlers til siger mot Nedtur, men laget frå Bulken tapte sisteserien med 4 pinnar. Hans Erik var også den med høgste snittet på 175, Sindre på 166 og Gert på 163 kom på dei neste to plassane. I den siste kampen mellom Active Bits of Norway og BaneNor vart det for tøff motstand for ABoN mot storfavorittane frå jernbanen.