Med Tom i bra slag vart det stor forskjel og 4-0 i kampen mellom Sylvsmidja2 mot Fornybar som hadde ein kjempekamp i forrige runde, men dei fekk ikkje til godspelet i kveld. I kampen mellom Seniorgutane og ungdomen i Voss bowling Jr vart det akkurat så jamt som snittet så langt skulle tilseia. Men kvar einaste serie vippa såvidt i favør av dei eldste og juniorane fekk smaka på smultringen.
Den siste kampen i 2. divisjon var kveldskampen mellom Møbelringen og Bravida. Sistnemde treng absolutt poeng medan Møbelringen kjempar om tabelltopp. Både snitt og tabellsituasjon indikerer ein enkel siger for Møbelringen. No gav Bravida motstandaren litt kamp, jaffal i serie to, men då svarte ankermann Kjell Olav med sterke 189 og sikra poenget til Møbelringen. I avslutningsserien var det igjen Kjell Olav som drog møbellasset og sikra med det 4-0 og Møbelringen held fylgje med Sylvsmijda2 på topp. Kjell Olav vart også bestemann toatalt i 2. divisjon med 169 i snitt over tre seriar.
Om ei veke vert det toppkamp mellom Sylvsmidja2 og Møbelringen. Her er det umogeleg å spå utfallet. I kveld skilte det 6 pinnar på totalen mellom dei to laga. Seniorgutane som fekk full pott i kveld skal opp mot Bravida som faktisk spelte betre enn Seniorgutane i kveld utan å få poeng. Siste kampen neste måndag er mellom Voss bowling sine juniorar og Fornybar. I kveld var juniorane maks uheldige som ikkje fekk poeng i ein jamn kamp. Kanskje snur lukka om ei veke?
Eit par jamne kampar i opningsseriane i kveld. Møbelringen sikra seg første poenget mot juniorane frå Voss bowling med 3 pinnars margin. Endå jamnare var det i førsteserien mellom Bravida og Sylvsmidja2. Der tok Sylvsmidja poenget med 2 pinnars margin 😅. Elles så var det Ørjan på Bravida som var den enkeltspelaren som plukka flest pinnar med 473, ein meir enn Nils Petter.
Dei to på topp frå runde 1 gjekk på kvar sin smultring i runde 2. Seniorgutane spelte omlag som i forrige runde, men møtte tøffare motstand i Møbelringen. I kampen mellom Sylsmidja og Voss bowling si juniorgruppe vart det klar siger til heimelaget. Beste individuelle spelar i runden var Tom frå Sylvsmidja med 175 i snitt med Ørjan frå Bravida som nestbest med 162 i snitt.
Bedriftsserien på Voss vart fyrt i gang med Sosialserien torsdag 3. september. Måndagen etter kom 1. og 2. divisjon halsande. Eg vil prøva å leggja inn resultata i dei ulike divisjonane i bedriftsserien på desse sidene. Det er oppretta eit menyval for kvar divisjon.
Måndag 7. september kl. 21:40
Seniorgutane slo Bravida 3-1 i sin kamp, medan Sylvsmidja og Møberingen delte broderleg poenga mellom seg. Tom bestemann med eit snitt på 162 med Kjell Olav hakk i hæl på 159. I den siste kampen vart det ein skikkeleg pinnethriller på slutten. Aksel sette ein splitt i tiarruta i sisteserien og det såg ut til å bli 3-1 til Fornybar mot Voss Bowling sine junioarar, men ankermann Torbjørn fekk split 7-10 i si siste rute og dermed vant juniorane serien med 2 pinnar og tok også totalen med 7 pinnar 😁 og 3-1 til Voss bowling i det som må ha vore ein særs underhaldande og spanande kamp.