Jan Kåre Trettenes klar for kamp
Mona og staben hennar på Voss bowling er klare til å fyra i gang haustens bedriftsspel, men med litt færre lag enn tidlegare. I staden for 28 lag blir det no 20, men ho håpar at det vert 28 lag til vinteren. I haust vert det seks lag i 1. og 2. divisjon og åtte lag i sosialserien. Det blir heime- og bortekampar med 3 seriar på kvart 3-mannslag (som tidlegare).
1. og 2. divisjon spelar måndagar frå kl 18-20 og kl 20-22 på seks banar og starta opp 7. september. Torsdagen går sosialserien som spelar på fire banar kl 18-20 og kl 20-22. Oppstart for sosialserien var 3. september.
Serien blir avslutta med Vossabyggmesterskap i veke 50 eller 51 og forhåpentlegvis med Tore Torgersen på plass.
Mona sendte meg oppsettet for haustens bedriftsserie og det kan jo vera artig å leggja inn resultata frå kvar runde på desse sidene. Har difor oppretta tre undermenyar til denne hovudmenyen som då viser kvar divisjon for seg.