Gaute og Olav Ludvig på premieplassane
30. september kl. 21:00
Olav Røyrvik gjorde eit forsøk på å klatre til topp to siste dagen av septemberkvarten, men han klarte ikkje å sy saman tre gode serirar. Etter at både Hardangercider og quarten var ferdigspelt løfta senioren seg til pene 230, Den hadde gjort underverk litt tidlegare på kvelden 😂. Dermed ebba september ut med Gaute på topp med 744 og kr. 1250 i premie. Olav Ludvig enda på 2. plass med 715 og fekk jaffal innsatsen igjen og vel så det med kr. 400.
28. september kl 22:00
I kveld var det lokalliga i Øystese og bedriftsspeling på Voss. I Øystese valgte Olav Ludvig å kombinera spelet med ein start i quarten. Frå Voss var det stille som i graven. Eg sa eg var litt imponert over at Olav Ludvig ville prøva seg opp mot Gaute sine kanonseriar frå laurdag, men strandebermingen feide meg av med at det var premiering for andreplassen også 😁. Og den plassen har Olav Ludvig no okkupert etter sterke 577 i rein score og 715 inkl. hcp, så han var no ikkje så altfor langt bak Gaute heller.
26. september 2026 kl 22:00
Ja, ja... sånn kan det også gjerast. Vår fantastiske ungdom Gaute bestemte seg for å trilla nokre kuler nedover parketten ein tidleg laurdagskveld. Etter tre moderate (!) oppvarmingsrundar på 633 kasta han seg med i septemberkvarten. Denne helga er det ungdoms-NM i Trondheim, eit NM som nok Gaute hadde meldt seg på om det hadde høvd slik. Så kvifor ikkje visa gjengen der oppe kva dei gjekk glipp av?
I kveldens quart opna Gaute med 7 strike før ein 4-10-splitt bremsa han litt opp. 256 i serie 1 og blikket var retta framover. I serie 2 henta han 10 strike miksa med ein spare og ein ny split og enda på 244. Etter to seriar hadde han 498 i rein score og, - sjølvsagt har Gaute berre rein score 🤣. Ein 200-serie til slutt ville vera meir enn nok til ny september-topp, men her var det ikkje snakk om å bremsa. Sisteserien vart utan split, men med berre (?) 8 strike enda han på 246 og solide 744 totalt. Det blir 248 i snitt over 3 seriar.
Har du lyst på speletips så kan du studere streamingen frå kveldens økt. Eg rakk jo ikkje å fyra streamen i gang før han var nesten ferdig med førsteserien 😆
- Maksscore: 744 (Gaute)
23. september 2026 kl 22:30
Endeleg var det litt rørsle i det øvre resultatskiktet. Bra quart-deltaking på kveldens klubbtrening i Øystese. Både Håkon Vik og Tore Tellevik spelte to startar kvar medan Olav Ludvig og eg tok kvar våre startar.
Tore sin førstestart var ikkje det heilt store, men avslutninga var såpass bra at han valgte å gå for ein start til. For å kjempa om toppen måtte han spela 611 i rein score. Etter ei opning på 191 og 214 i serie 2 trong han 206 i sisteserien. Med seks strike på dei åtte første rutene såg dette bra ut, men så kom ein miss på tiarkjegla i rute ni og presset på topploket vistes godt. Ein solid strike på førstekastet i tiarruta gav 213 og ny septembertopp på 684 var i hamn.
- Maksscore: 684 (Tore)
21. september 2026 kl 23:00
Fire nye startar på kveldens klubbtrening i Øystese. Olav Ludvig gjorde to forsøk, men vert verande på 3. plass. Frank spytta i ein ny femtilapp i potten og Tore løfta seg nesten heilt opp. To gode seriar, men ein 169-serie i midten øydela denne starten.
16. september 2026 kl 21:00
To av kveldens veteranlagsspelarar kombinerte veteranseriane med ein start i kvarten. Olav Røyrvik spelte sin fjerde start denne månaden medan Tore Tellevik tok sin første. Ingen av dei fekk dei heilt store summane. Olav opna bra, men ein sliten andreserie øydela. Tore fant ikkje godlinja før både veteran og quart var over, då smelte han til med ein 240-serie 😆
15. september 2026 kl 23:00
Temmelg roleg på q-fronten når me rundar halve månaden, men Olav kombinerte gårsdagens lokalligasiger med kvartspel. Ikkje at det gjorde nokon forskjel på resultatlista, men det løfta jo potten med nok ein grøn lapp.
Tre nye startar med to debutantar + meg i kveld. Andreas hadde trua, men fekk ein tøff start med 150 i opningsserien. Ein kanonserie på 247 sendte han rett inn i toppkampen igjen og han trong 226 i sisteserien for å dytta Håkon ned frå taburetten. Det såg lenge bra ut, men ein spare i niarruta etter ei høne gjorde at han kom 11 pinnar for kort. Hanne og eg var dei to andre aktørane på parketten i kveld.
13. september 2026 kl 19:00
Etter å ha blitt knust ettertrykkeleg på Voss i dagens månadscup, valgte eg å ta ein start i kvarten på heimebane. Hadde Gaute som sparringpartner men det vart likevel for snaut til å nærma seg Håkon. Men premien vart i det minste løfta opp ein 50-lapp.
9. september 2026 kl 20:30
Stadige rokkeringar på lista, men Håkon står stødig. Håkon gjekk på ein ny start i dag sjølv om det er han som leiar ganske klart. Med seg hadde han Sonja som spelte sin første start i kvarten. Håkon spelte ein ny bra start, men var 12 pinnar under sin beste start. For Sonja vart andreserien dyr med tosifra score. Likevel enda ho tett på 600. Klarar ho å sy saman tre ok seriar så vil ho vera ein klar utfordrar til toppen.
Martin la også innpå eit par startar i ettermiddag. Heilt greie seriar, men han har ikkje mykje hcp å rota med så det krevst ganske høg score for å kjempa om teten.
På kveldstreninga/veterankampen i Øystese i kveld spelte stamkundane kvar sin start. Olav Ludvig spelte stødig med 504 i rein score og 642 inkl hcp, men har betre frå før. Olav Røyrvik løfta seg opp frå siste til 3. plass med 510 i rein og 645 m/hcp. Eg flytta meg også litt oppover lista, men etter å ha opna med 253 og så 197 i serie 2 burde eg ha klatra noko meir, men eit splitt-tog og 159-serie til slutt øydela.
7. september 2026 kl 22:30
Håkon held stand, men det nirrar seg folk bakfrå. Olav Ludvig gjorde eit bra forsøk i dag, men fire enkle sparemiss på tiarkjegla øydela for ny toppnotering. Men bra score då med 665 inkl. hcp.
På Voss var det full runde med bedriftsliga i kveld og Frode O nytta høvet til å kombinera dette med ein start i kvarten. Han opna solid med to seriar på 190+ men sisteserien vart for svak til å trua Håkon.
6. september 2026 kl 14:00
Endeleg ein vossing til i aksjon i kvarten. Håkon Trettenes gjorde det skikkeleg når han først starta opp. Med 551 i rein score løfta han Q-toppen til 677. Litt å bryna seg på utover månaden.
- Maksscore: 677 (Håkon)
4. september 2026 kl 2100
Olav og eg samla oss til ein Freddan før helga sette inn for fullt. Kvar sin start vart det også i tillegg til ein del treningsseriar. Heilt OK seriar, men heller ikkje meir, så her er det fritt fram.
Elles så rullar jo tankesmia i topploket rundt og rundt. No har det hengt seg opp ein idé om at informasjonen min druknar i informasjon, - og det trur eg er rett. Så det eg burde gjera no viss poenget var å få deltakarar inn på kvarten, var å fjerna all anna informasjon frå sidene.
Men no er det ikkje å få kvarten opp i sfæren som er prioritet nr. 1, - det er å laga ein god infokanal lokalt relatert til klinkekuleaktivitet.
- Maksscore: 602 (Frank)
2. september 2026 kl 22:00
Ikkje det store rushet verken i Øystese eller på Voss dei to første dagane av septemberkvarten. Ser at det stadig kjem fleire på trening på Voss, så håpar at dei svingar seg med når dei får spelt seg litt inn etter sommarsløving. I morgon startar sosialserien opp med full runde. Eg har fått oppsettet av Mona og skal prøva å leggja inn kampresultata i dei ulike menyvala til bedriftsserien.
I Øystese hadde me klubbtrening i kveld, og ut frå spelet i første lokalligarunde så burde det stått kø utom hallen ved treningsstart, men niks. Olav, Tore og eg var einaste klubbrepresentantane i kveld. Eg var den einaste som spelte ein start i kvarten og ein kan godt seia at eg tok det roleg. Men det fine med å vera einaste deltakar er jo at eg får innsatsen igjen 🤣
- Maksscore: 555 (Frank)
Ein start = 3 seriar
Ubegrensa tal startar
Kr. 50 per start (vipps til 41573625)
I tillegg må spelar betala baneleige til hallen
All inntekt går til premiar (1/8)
Ved lik score vil den med minst hcp bli rangert først
Kvam og Voss bowlinghallar
Ingen lisenskrav
Min. 18 år
1. - 30. september
Hcp: Diff. mellom spelar sitt snitt og 200 (sjekk tabellen under om du er registrert).
Merknad:
Du kan spela ein start når som helst i perioden og seriane kan kombinerast med anna spel som liga, turnering eller trening. Før du startar vippsar du og sender ein sms til 41573625, så hentar eg ut resultatet ditt via livescore (Lanetalk) i etterkant.
Då er me i gang med første haustmånaden og me flyttar turneringa frå august- til septemberkvarten. Det vart spelt totalt 40 startar fordelt på 11 spelarar i august. Totalinntekta i den første kvarten vart då 40 x 50 = kr. 2000. Dette vart fordelt med kr. 1500 til vinnaren og kr. 500 til andremann.
No startar jo seriespelet opp både på Voss og i Kvam, så kanskje vert det endå fleire som kombinerer dette med nokre startar i septemberkvarten. Ny hcp-liste med nokre få justeringar i høve forrige liste er lagt ut på sida under faktaboksen over her. Der finn du også reglane for turneringa. Så då ynskjer eg alle som vil prøva seg lukke til.
Denne sida vert oppdatert kvar dag nokon spelar ein start.
Blide gutter på vossabyggmeisterskapen