Tysdag 12. mai:
Martin var einaste pottemakaren i aksjon i dag. Bra speling, men ikkje i nærleiken av Olav som dermed sikra seg pottesiger nr. 2. Me gratulerer!
Måndag 11. mai:
Ein innhaldsrik måndag på parketten både på Voss, i Øystese og på Vestkanten. No er jo ikkje Vestkanten godkjent som pottearena, men tenkte eg nett måtte nemna den sidan andrelaget vårt sikra seg tredjeplassen i lokalligaens 2. divisjon med siger over Mascot4 i kveld.
Men det var pottespel me skulle snakka om.
På Voss var det bedriftskampar, og tradisjonelt har det vore spelt litt låg score under desse kampane, men i dag vart scoren betre for fleire av pottespelararne. Og den som gjorde det best var Tom som hadde 266 pottepoeng i hånd med eit kast igjen. Ein sjuar og han ville tatt attende pottetoppen frå Gert, men jaggu smelte han sistekastet i grøfta.
Ei trøst for Tom var det at Olav Røyrvik var i storslag i Øystese. Olav sette ny personleg rekord med 246 og løfta potta over 300. Sjølv om Olav hadde 305 m/hcp så er 300 maks pottescore, då det alltid skal vera mogeleg å henta litt av potten viss ein spelar 300. Med berre ein dag igjen av potto, så spørst det om ikkje vekespotte nr. 15 endar i Strandebarm.
Sundag 10. mai:
Etter nokre rolege dagar var det klart for månadscup på Voss med vekespotto som ekstra bonus. Tre nye spelarar vart med på denne potto og ein av dei (vossaformann Gert Eike) avslutta månadscupen med sterke 215 i rein score og 273 inkl. potte-hcp.
Per no så er potto på kr. 550, så det kan vera vel verdt å ta eit par ekstra rundar i kveld, måndag eller tysdag før ny potte startar onsdag.
Torsdag 7. mai:
Som sagt så var einaste aktiviteten i dag nokre bedriftsrundar på Voss. Tom nytta høvet til å løfta seg endå nokre pinnar.
Onsdag 6. mai:
Kjekt med så mange på kveldens klubbtrening og flott at alle kasta seg med i ny pottekamp. I tillegg til dei sju på kveldens trening vart Frode Stalheim med, men han spelte kveldens seriar på Voss. Alle deltakarane ligg eit stykke over 200-grensa, men ikkje overvettes langt over. Tom Aasen er den som ligg fremst i kobbelet.
No vert det nokre rolege dagar i Øystese fram til måndag der det er ny trening i tillegg til lokalligakamp. På Voss vert det bedriftsspeling i morgon og så månadscup sundag i tillegg til frispeling.
- Periode: onsdag 6. - tysdag 12. mai
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!