Tysdag 9. juni
Hallaktiviteten tilseier sommartider, men YR er ikkje heilt einig. Men sjølv med pøsande regn dag ut og dag inn så er det heller rolege bowlingtider. Frank rota seg ned i hallen i dag - litt for å testa konkurranseprofilen under veteran-EM (eller det heiter ikkje det lenger) og litt for å jakta på Trond. Begge deler gjekk heller dårleg.
Måndag 8. juni
Det var relativt mange på kveldens klubbtrening. Kjekt at Olav er oppe og går igjen og at Håkon framleis kan vegen til hallen. Av pottespelarar så var Frank og Olav Ludvig i aksjon. Begge leverte OK seriar, men ikkje høgt nok til å justere resultatlista. På Voss var det uvant roleg til måndag å vera. Reknar med at Mona merkar godt at bedriftsserien er over.
Sundag 7. juni
I dag var det kombinert månadscup og klubbmeisterskap på Voss der formspelar Trond vant begge deler. Alle potteaktørane var i aksjon og i tillegg mønstra Tom på. Rimeleg friskt når Trond allereie hadde passert 300-grensa på denne potta. Ikkje dei heilt store seriane på Voss, men Tom spelte seg inn på 3. plass utan at det gir anna enn heider og ære og eg fekk viska ut det elendige onsdagsspelet og løfta meg over 200-grensa.
Fredag 5. juni
Martin einaste potteaktør så langt i dag. Elles så minner eg om at det er mogeleg å gratulera spelarar som gjer det bra via kommentarfeltet under her. Det er også mogeleg å leggja inn andre kommentarar. Vert det for usakleg så slettar eg 🥸
Onsdag 3. juni
Olav Ludvig og Trond tok verkeleg sats første dagen av potte 19. Vossingen sende pila til topps med ein 278-serie i rein score, det gjev 316 inkl. hcp, men nåla stoppar på 300. Så Trond ligg eit knepp i front av strandebermingen. Elles var me tre deltakarar på Voss og to i Kvam - berre stamkundar heile gjengen.
Me byrja med vekespotto i slutten av januar, så me nirrar oss halvåret med denne leiken. Tolv ulike vinnarar har me hatt i perioden og to "sprengte" potter (over 300). Kor lenge me skal halda på er litt opp til deltakarane. Sundag er det månadscup og klubbmeisterskap på Voss så kanskje deltakarane der kastar seg med?
- Periode: onsdag 3. juni - tysdag 9. juni
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maksscore er 300!