Leseguide til foreldre

Alle foreldre kan innføre lesekultur heime, uansett kva utdanningsbakgrunn ein har, om ein kan norsk eller ei!  

Det er viktig å lese for barn fordi det står mange ord i bøkene som vi ikkje brukar i kvardagen.  Når barnet blir kjend med bøker før dei tek til på skulen, vil overgongen til fagbøker verte lettare. 

Lesing vil gje foreldre og born felles opplevingar og gode minner som varer livet ut.  

At elevane oppnår god lesedugleik, er svært viktig for at dei skal lukkast i alle fag på skulen.