Ulstein bibliotek

Vi vil vere med på å støtte opp under borna si leseutvikling og gi borna ei god oppleving av biblioteket. Derfor ynskjer vi dykk alle hjarteleg velkomne til ei stund på biblioteket.

For å sikre at elevane kjem innom biblioteket minst tre gongar i løpet av grunnskulen, inviterer vi spesielt 1., 5. og 8. trinn.

I første klasse får dei kort opplæring i biblioteket, korleis ein finn fram, lånereglar og lånekort. Vi vil også ha ei økt med høgtlesing.

For 5. trinn vil vi presentere bøker som passar for aldersgruppa, informere om bibliotekrutinar og ha ei høgtlesing/ bokprat og snakke om kva ein kan bruke biblioteket til. Elevane kan få lånekort på mobilen, og høve til å låne bøker med seg heim. De kan og låne bøker til bruk i skulen (bokkasse).

8. trinn vil i løpet av skuleåret få eit tilbod om forfattarbesøk som vi held på biblioteket.

Vi tek også imot andre klasser. De bestemmer sjølve kva tid i skuleåret de vil kome. Vi tek imot så mykje vi kan. Send oss ein e-post så finn vi ei tid. Klassa/elevane må alltid ha med lånekort.


Det er enklast for oss om vi har lånekorta klare når de kjem. For å få til det, må de levere ferdig utfylte innmeldingsskjema med føresette si underskrift til oss i god tid. Det er viktig at de avtalar/avklarar med foreldra at borna lånar bøker i skuletida.


De kan skrive ut innmeldingsskjema frå Ulstein bibliotek si heimesida :

https://www.ulstein.kommune.no/ulstein-bibliotek/ulstein-bibliotek/lane/registreringsskjema/


Vi kan hjelpe med å bestille klassesett : https://alesund.bib.no/cgi-bin/m2?mode=vt&hpid=1611741680&avgr_eo=Klassesett%2Feo&pubsok_txt_0=klassesett

 Vi vil også sende ut informasjonsmateriell om https://sommarles.no/

Tips :

https://www.fn.no/undervisning/undervisningsopplegg/5-7-trinn/baerekraftsbiblioteket

https://bokslukerprisen.no/boker-2022-2023/

https://bibliotekutvikling.no/dfb/         https://leseskogen.no/

https://nynorskbok.no/

Ungdom:  https://uprisen.no/   https://faktafyk.no/  https://txt.no/

Epost: biblioteket@ulstein.kommune.no
Telefon: 70010295 


De finn oss på facebook, instagram og nettsida https://www.ulstein.kommune.no/ulstein-bibliotek/



Hjarteleg velkomne til biblioteket!