Om leseplanen


Arbeidet med leseplanen tok til i 2020, som eit ledd i desentralisert kompetanseutvikling (dekomp).  Desentralisert kompetanseutvikling, er ein del av den nye modellen for kompetanseutvikling i skulen, og vert omtalt i Stortingsmelding 21 (2016-2017) Lærelyst - Tidlig innsats og kvalitet i skolen, nærare bestemt i Kapittel 8 Kompetanseutvikling i skulen.

Ordninga legg til rette for at val av utviklingsområder skal være desentralisert og gir rom for lokal tolking.  Dette gjer at ordninga vil bli tolka på ulike måtar rundt om i landet.  Viss du ynskjer å lese mer om bakgrunnen og grunntanken for denne ordninga, kan du lese meir på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Eit sentralt element i den desentraliserte ordninga er likeverdig og gjensidig forpliktande partnerskap mellom skular, skuleeigarar og høgskular/universitet.  Det primære formålet er skuleutvikling, og partnerskapet skal bidra til gjensidig læring og vidareutvikling av lærarutdanningane.  Dette blir gjerne omtalt som det «doble formålet» (NOU 2022:13, s. 120-21).

Samarbeidet mellom kommunane i Sjustjerna vart fordelt etter behov.  Kommunane Sande, Ulstein og Herøy hadde  lesing som sitt primære val for utvikling.  Det vart etablert ei arbeidsgruppe som bestod av ein leiar frå oppvekstkontoret i kvar av dei tre kommunane.   Desse har utgjort ei arbeidsgruppe som saman med representantar for lærarutdanninga ved høgskulen i Volda har samarbeidd i ei utvida arbeidsgruppe.  Gruppa har vore leia av ein koordinator. 

Bakgrunnen for utviklingsvalet er i hovudsak knytt til negativ utvikling i leseresultat på nasjonale prøver – i hovudsak for 5. trinn.  Saman med andre observasjonar og kartleggingar, såg vi eit behov for å utvikle ein tydeleg struktur og progressiv oppbygging over begynnaropplæring, lesing som grunnleggande dugleik og lesing i alle fag frå 1. – 10. trinn.

Som grunnleggande førebuingar har vi hatt åtte møter i nettverk.  Den første tida måtte møta finne stad i eigen kommune og på eigen skule grunna pandemien covid 19.  I august og november 2022 fekk vi endeleg halde samling i nettverk på tvers av dei tre kommunane.  I dei åtte nettverksmøta har vi hatt desse tema:

1.     Sikre språkutvikling i barnehage og begynnaropplæringa i skulen.  Trygge overgangen mellom barnehagen og skulen.

2.     Kjenneteikn på den gode leselæraren.

3.     Den engasjerte lesaren.

4.     Tidleg innsats i leseopplæringa.

5.     Når vanskar oppstår.

6.     Ulike type lesarar.

7.     Analyse av resultat og heilskapleg leseopplæring.

8.     Frå god praksis til god, felles praksis.

Det vart oppretta ei ressursgruppe av 7 lærarar frå dei tre kommunane som dekte kompetansebehovet for 1.-4. trinn, 5.-7. trinn og 8.-10. trinn.  Ressursgruppa har saman med den utvida arbeidsgruppa, hatt fem dagsamlingar der dei har arbeidd med å systematisere tilbakemeldingar frå gruppearbeida i nettverkssamlingane.  Det vart bestemt å utarbeide ein digital leseplan beståande av to delar:

1.     Trinnvise plakater med fokus på forventa kompetanse.

2.     Ein digital del med utfyllande informasjon og hjelpemiddel for å nå kompetansemåla.

Den utarbeidde leseplanen omfattar lesing i alle fag i skulen.  Målet med planen er å få eit betre og meir felles arbeid med språkstimulering og leseopplæring i skulane i Sande, Ulstein og Herøy.  Læraren /pedagogen si rolle som modell vert vektlagt: Den vaksne er modell i alle situasjonar,  gjennom innlæring av ulike metodar og læringsstrategiar og gjennom å motivere til lesing.

«Størst i verda er alfabetet, då all visdom finst i det, utanom dugleiken å setje det saman.»

- Lewis Carroll-


Alle rektorar og lærarar har ansvar for å ta planen i bruk  på eigen skule.

Det skal arbeidast bevisst med språk og lesing i alle fag og læringssituasjonar.