Kva kan biblioteket bidra med?
Herøy folkebibliotek vil vere med å støtte opp under elevane si leseutvikling og gi borna ei god oppleving av biblioteket. Vi ynskjer alle aldersgrupper velkomne til oss - heilt frå borna går i barnehagen og til dei er ferdige med grunnskulen. Vi ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne til ei stund på biblioteket. Ta kontakt med biblioteket for avtale om tidspunkt og evt. tema.
Skular som ynskjer å samordne besøk på biblioteket med symjeskyssen, må hugse å melde frå til oppvekstkontoret i god tid slik at busselskapet og sjåføren får beskjed om å sette av og plukke opp elevane i sentrum.
Lånekort
Hos oss får elevane lånekort i 1. klasse. Utanom det har vi per i dag ikkje konkrete, faste opplegg for andre klassetrinn. Dette er noko vi ynskjer å samarbeide om. Du som er lærar kan likevel kontakte oss om du ynskjer noko av dette for klassa di:
Omvising i biblioteket
Må bestillast på førehand.
Bokkassar
Du kan få ha ei kasse med bøker i klasserommet (gjeld også for barnehagen). Vi treng å vite:
· Kor mange elevar det er i klassa/gruppa
· Om du ynskjer noko spesielt tema
· Om det er elevar i klassa/gruppa som treng enklare språk (lettlest bøker)
· Om du ynskjer kun fag-/skjønnlitterære bøker, eller eit blanda utval
Du får beskjed frå biblioteket, når kassa er klar. Bokkassa må hentast på biblioteket.
Barnehagane kan bytte kassar med kvarandre på styrarmøte i staden for å gå om biblioteket.
Klassesett
Nasjonalbiblioteket har ansvaret for klassesett, og skulane kan bestille dette med biblioteknummeret sitt (ciceronummer). Kassane kjem til biblioteket og skulane hentar dei der. Biblioteket kan også hjelpe til med å søkje etter aktuelle bøker til klassesett.
Høgtlesing for barnehagar og klassar
Vi sender ut informasjon om datoar til barnehagane etter sommarferien. Vi ynskjer påmelding to virkedagar i forkant.
Vi må ha beskjed så tidleg som mogleg når lærar veit om aktuell dato, slik at vi kan finne ein dato som passar begge partar og førebu oss til det.
Nytt frå hausten 2023 er at vi har nye mikrofonar og høgtalar som høyrer til folkebiblioteket.
Biblioteket sender ut varsel når det kjem påfyll av bøker til skulebiblioteka frå kulturfondet.no
Har du ein elev med dysleksi, nedsett syn eller ADHD, er eleven kvalifisert til å vere lånar hos Norsk Lyd og Blindeskriftbibliotek.
Dette er ein app der du kan lese digitale bøker. Vi har også lydbøker/bøker for born der.
Sommarles
Alle som skal byrja i 1. klasse og oppover til dei som går i 7. klasse kan vere med på sommarles. Meir informasjon om denne digitale lesekampanjen finn du på sommarles.no.
Er det digitale rundt kampanjen vanskeleg; kontakt din lokale bibliotekar for å bli analog brukar.