Lese- og læringsstrategiar

Kva er lesestrategiar?

Her får du vite kva lesestrategiar er, kva som skil lesestrategiar frå andre arbeidsmåter, og kva som må til for at lesestrategiar skal ha den verknaden vi ynskjer. 

Lærestrategiar elevane har nytte av

Her kan du finne forslag til ulike lærestrategiar. Det er eit verkty for smartare læring!







Leseaktivitet og tankeprosessar

Det er viktig å tenkje på kva som er formålet med lesestrategiar. Lesestrategien er ikkje sjølve arket med tankekartet på, men det som skjer inne i hovudet til eleven når ho lagar tankekartet.

Om vi viser elevane at det er tankeprosessane som er viktige, er det kanskje større sjanse for at dei vil bruke lesestrategiane på eigenhand når dei treng det.