Herøy

Rutine ved oppmelding av nye elevar for utgreiing/kartlegging av PPT: 

 
 

1.

Skulen nyttar dei kartleggingsverktya kommunen har vedteke i klassene på ulike årssteg. Der ein har uro for  

utviklinga til ein elev, melder kontaktlærar til rektor. 

 
 

2. 

I samråd med heimen prøver skulen ut ulike tiltak som kan avhjelpe vanskane. 

 
 

3. 

Dersom slik utprøving ikkje syner forventa resultat, kallar skulen inn til drøftingsmøte med PPT og føresette til eleven. Her går ein gjennom saka og PPT kjem med innspel til skule og heim om evt. andre moglege tiltak og kartleggingar som er viktige å prøve ut. 

 
 

4. 

Dersom ein konkluderer med at eleven skal tilvisast formelt til PPT for vidare vurdering, skal tilvisingsskjema syne om ein meiner dette er ei systemsak, der PPT kan kom inn i klassa og rettleie skulen og heimen i forhold til 

arbeidet, eller om ein ønskjer utgreiing av ei individsak der eleven vert vidare kartlagt av PPT. 

 
 

5. 

I saker der ein vert einige om at tilvising for individsak hos PPT er naudsynt, har skule, heim og PPT eit før-tilvisingsmøte, der vi samskaper og avklarar kva rolle PPT skal ha. 

 
 

6. 

Føresette får opplyst korleis PPT ser føre seg at vanskane kan avhjelpast, anten ved tiltak innafor det ordinære eller som spesialundervisning etter § 5.7 eller 5.1 

 
 

7. 

Ved behov for sakkunnig vurdering/tilråding, vert dette avklart med skule og føresette, og den vert gått gjennom med føresette og skule. Dersom sakkunnig vurdering og tilråding konkluderer med at eleven kan hjelpast i den ordinære undervisninga 

med ulike tiltak og ikkje har rett til spesialundervisning, løyser det ut slikt einskildvedtak. Rektor på skulen gjer då vedtak i tråd med konklusjon i sakkunnig vurdering og tilråding. 

 
 

8. 

Dersom sakkunnig vurdering og tilråding konkluderer med at eleven har vanskar som gjev rett til spesialundervisning så gjer rektor ved skulen vedtak om dette og set i gang slik undervisning.