Foto: Svein Arne Orvik

«Størst i verda er alfabetet, då all visdom finst i det, utanom dugleiken å setje det saman.»
- Lewis Carroll-

Å lære å lese dreier seg om å meistre livet. Lesing opnar dører. Lærarar i Sande, Ulstein og Herøy har no laga ein ny leseplan for grunnskulen. Denne planen handlar om å gi elevane eit fundament til å bli sjølvstendige lesarar.

Leseplanen er dynamisk og vil bli oppdatert etter kvart som lærarar kjem med tilbakemeldingar på kva som kan endrast.