Bibliotek
Samspelet mellom grunnskulen og biblioteket er viktig for gleda ved å lese bøker. Eit godt samarbeid kan gi eit større utbytte for barna når det kjem til leseglede og lesemeistring i grunnskulen.
Biblioteka er glade for besøk, og ser det som ein stor fordel om barn/elevar blir introduserte for biblioteket i tidleg alder. Skulane må gjerne legge opp til faste besøk på faste trinn. Det er ein fordel om skulane avtaler besøk på førehand.
Tilsette ved folkebibioteket har god kunnskap om litteratur som passar for aktuelle trinn og kan t.d. skaffe klassesett med bøker innretta mot kompetansemål i læreplanen.
Biblioteka kan ha eigne prosjekt for elevar i grunnskulen, og elevane kan ta del i prosjekta enten ved å besøkje biblioteket eller bibliotektilsette kan kome ut til skulane der avstanden er lang. Leseprosjekta vil ligge under menyknappen "Leseprosjekt".
Skulebiblioteka er viktige for nærheita til lesekjelden og eit breiare spekter å velje tekstar frå. Men for at barn skal kunne dra nytte av å ha eit skulebibliotek, må lærarane benytte seg av dette i undervisninga, og biblioteka må vere oppdaterte på ny og relevant litteratur.
Når barn får høve til å velje litteraturen sjølv frå eit stort og breitt utval av bøker, har barnet større sjans for å utvikle positive leseopplevelsar og større motivasjon for lesing.