Tips til arbeidsmetodar i bokstavinnlæringa
Oppdagande skriving frå første stund
«Oppdagende skriving er en metode for skriftspråkopplæring der barna oppdager skriftens lydprinsipp ved å eksperimentere med egen skriving før de formelt sett har lært seg alle bokstavlydene (fonemene). De oppdager at de ordene vi bruker når vi snakker, kan gjøres om til enkeltlyder og skrift» (Hansson Myran, 2012).
Oppdagande skriving er ein veg inn i lesinga. Elevane skal lære å eksperimentere med eiga skriving før dei har lært seg alle bokstavlydane. Metoden gir rom for at elevane får arbeide ut frå sitt eige nivå i skriveutviklinga. Lærar støttar elevane gjennom dei ulike stadiane i skriveprosessen gjennom dialog.
Skriveutviklinga sine stadier:
1. Tidleg skriving: skribling, barneskrift, eller at elevane prøvar seg på å skrive bokstavar eller ordbileter.
2. Semifonografisk skriving: eleven har oppdaga lydprinsippa i språket og utforskar forholdet mellom lyd (fonem) og bokstav (grafem).
3. Fonografisk skriving: stort sett alle lydane er på plass og eleven stavar ord lydrett. Eleven har også oppdaga at ikkje alle ord skrivast lydrett. På dette stadiet er teksten som eleven skriv leseleg for andre.
4. Overgangsskriving: rettskriving startar å kome på plass når eleven nyttar rettskrivingsreglar som har blitt lært.
5. Ortografisk skriving: her er rettskrivinga på plass. Mange utviklar dette stadiet langt inn i vaksenlivet. Det er svært få som kan skrive heilt rett utan å nokon gong nytte ordbok eller stavekontroll.
https://skrivesenteret.no/materiale/oppdagende-skriving-en-vei-inn-i-lesingen/
Bokstavinnlæring med iPad som hjelpemiddel
Her er det berre fantasien som set grenser, men her er nokre tips:
- Starte økta med å presentere bokstaven og snakke om korleis den ser ut (liten og stor, men fokus på den lisje bokstaven), kva former bokstaven består av, kva lyd bokstaven har og korleis vi lagar lyden i/med munnen. Bevisstgjere elevane på munnmotorikk. Snakke om bokstaven er ein vokal eller ein konsonant og kvifor.
- Elevane kan forme bokstaven i appen «Teiknebrett» på iPadden.
- Elevane kan sitje to og to eller ei lengre rekke der dei formar bokstaven på ryggen til kvarandre.
- Elevane kan forme bokstaven med plastelina, bygge den med legoklossar, spore den i sand…
- Gå på jakt i klasserommet eller ute i naturen etter ting som har bokstavlyden i seg, eller ting som har lik form som bokstaven. Ta gjerne bilete av tinga med iPad.
- Lærar og elevar kan nytte appen KidSpiration og lage eit tankekart om bokstaven. Døme: Skrive bokstaven (stor og liten) i mammabobla (den store bobla i midten) og lage 4 babybobler ut frå mammabobla der elevane kan setje inn bilete av ting som har bokstavlyden i ordet. Vidare kan elevane lese inn ordet og dei som treng ekstra utfordring kan også skrive ordet. I starten er det lurt at lærar tek bileta og deler dei med elevane, slik alle har dei same tinga og kan støtte seg til tekst som lærar modellerer på tavla.
- Hugs å ha lagt til IntoWords-tastaturet på elevane sine iPaddar, slik dei har skrivestøtte der dei får lest opp bokstavlyd, ord og setningar som dei skriv. Slik får dei lytte til det dei skriv, og då har dei moglegheit til å rette på seg sjølv dersom dei høyrer at iPadden les opp noko anna enn det dei trur dei har skrive.
- Appen GraphoGrame (GG) er fin å bruke for elevane når dei skal trene på bokstavlydane og kople bokstavlyd til rett bokstav (fonem-grafem).
Stasjonsundervisning som metode
Denne undervisningsmetoden er fin å bruke for å variere og tilpasse ut frå elevgruppa sine føresetnader. Det er lurt å ha nokre sjølvgåande stasjonar, og ein som er lærarstyrt. Hugs at det kan ta tid å innarbeide arbeidsmetoden, så ver tolmodig i starten. Ha tydelege rammer og bruk tidsnedtelling på tavla.
Frå forsking veit vi at ei arbeidsøkt på rundt 12 min er passeleg. Du kan ha fleire stasjonar enn du har grupper, då står berre nokre stasjonar ledige.
I stasjonsundervisning kan elevane jobbe med ulike oppgåver på kvar stasjon. Det er ikkje slik at alle elevane må gjere den same oppgåva. Det er viktig å gjere elevande vande med at dei jobbar med ulike oppgåver på sitt eige nivå for å kjenne meistring.
Tips til ressursar:
https://undervisningsmetoder.com/
Følg «Tuppen og Lillemor» og “Frk. 1.klasse” på Instagram/Snapchat.