Heimen sitt ansvar
Heimen si oppgåve i høve eleven og skulen:
Følgje med på informasjon frå skulen.
Vere interessert i borna sitt skulearbeid og snakke positivt om lesing heime så eleven skjønar at skulen og heimen samarbeider.
Vere interessert og samtale om lesinga ved å sjå på bilete og overskrifter som ei støtte for forståinga.
Gje barnet konkret støtte i lesinga heime ved å lære opp til gode lekserutiner.
Følgje med på skulen sine leseprosjekt.
Lese høgt for borna og legge til rette for lesing i heimen slik at dei kan verte glade i bøker. Det utvidar ordforråd, fantasi og setningsbygging og medverkar til auka leseforståing.
Ros borna når dei les, og hjelp dei å finne bøker med tema som dei er interesserte i, slik at dei kan oppleve leseglede.
Lån bøker og lydbøker på biblioteket.
Ver med og vis barnet at det også er spennande å lese teikneseriar, lese på internett, lese i vekeblad, tidsskrift og aviser.
Lydbøker er ein svært god ting å la borna få nytte når foreldre har det travelt og ikkje har tid til høgtlesing!
Ver gjerne eit godt eksempel og les sjølv!
Snakk med borna, reflekter over kvardagen, filmar og program de ser saman, og lær dei å stille spørsmål og vere kritiske.
Prøv å medverke til at barnet vert ein frivilleg lesar som les ut frå eigen trivsel.