Skulen sitt ansvar
Skulen si oppgåve i høve eleven og heimen:
Orientere om den første lese- og skriveopplæringa på 1.-4.trinn, den andre lese- og skriveopplæringa på 5.-7.trinn og den tredje lese- og skriveopplæringa på 8.-10 trinn.
Gje informasjon om læreplan og arbeidsmetoder og vise korleis læreverket ein brukar er oppbygt og vert brukt.
Informere om kva slags lese- og lærestrategiar elevane jobbar med, slik at foreldra kan støtte eleven i bruken av strategiane.
Gje råd om korleis foreldre kan støtte lesinga heime.
Bevisstgjere foreldra ved å legge til rette for diskusjonar omkring lesing.
Informere om spesifikke leseprosjekt på skulen slik at heimen kan følgje opp dette.
Informere om at eleven skal vere aktiv i eiga læring, forstå kva han/ho skal lære, og vurdere sin eigen innsats.
Gje informasjon om eleven si leseutvikling på samtalemøte ved å legge fram aktuell dokumentasjon/kartlegging.
Halde foreldra orientert dersom eleven ikkje har ei god leseutvikling, og legge fram forslag til tiltak for å kome vidare.
Gje god informasjon på vekeplanar om leseleksene, med anledning for foreldre til å gje tilbakemeldingar på leksene.
Prøve å oppnå at eleven vert ein frivilleg lesar som les ut frå eigen trivsel.